Tok kunst, islam og skeive erfaringar til Nasjonalmuseet

Korleis opplevast det når kunst, tru og skeiv identitet møtest i same rom? Det var utgangspunktet då Nasjonalmuseet, UiA – Senter for likestilling og Skeiv Verden inviterte til «The Divine in Diversity: Skeive ornamenter».

Bildet er tatt i biblioteket på Nasjonalmuseet, det er hyller med mange bøker i bakgrunnen, og midt i bildet er det et bord med fire personer bak. Det er en skjerm til høyre bak med tittelen "Skeive ornamenter: The divine in diverstiy". I front sitter det publikummere med ryggen til, som følger med på panelsamtalen.

Kunstnarsamtalen fann sted i Nasjonalmuseets bibliotek, saman med deltakarane musikkaktivist og filmskapar Roza Taslimi, filmskapar og biletkunstnar Hamid Waheed og forfattar Wesam Almadani. Samtalen vart moderert av prosjektleiar i Skeiv Verden, Mona Frank.

Av Mary Ann Skretteberg Warenius, Damares Stenbakk
Publisert 15. juni 2026 - Sist endret 15. juni 2026

— For oss handlar dette om å bruke kunst som inngang til forståing og refleksjon rundt skeive liv og erfaringar. Samarbeidet med Nasjonalmuseet og Skeiv Verden gir desse perspektiva ein viktig plass i ein nasjonal offentlegheit.

Det seier Mary Ann Skretteberg Warenius. Ho er prosjektleiar og rådgivar i kjønns- og seksualitetmangfald ved UiA – Senter for likestilling.

Arrangementet ved museet var delt i tre: Eit føredrag for dei tilsette, ei omvising i utstillinga med kurator Noor Bhangu, og ei panelsamtale i biblioteket på kvelden.

Eit kunstnerisk samlingspunkt

Det heile samla både aktørar frå kunstfeltet, forskarar, skeive muslimar, skeive aktivistar og anna publikum til ein nær og ærleg samtale.

Dette er eit arbeid UiA – Senter for likestilling har utvikla over tid, med særleg fokus på kunst som metode for kompetanseheving.

— Vi har jobba med å bruke kunst som inngang til kompetanseheving i fleire år, og det er veldig fint å få ta dette arbeidet vidare inn i ein nasjonal kontekst, der vi kan nå ut til fleire og løfte fram desse perspektiva på ein ny måte, seier Skretteberg Warenius.

Portrettbilde av Mary Ann
Mary Ann Skretteberg Warenius var prosjektleiar for «The Divine in Diversity: Skeive ornamenter», eit samarbeid med Nasjonalmuseet og Skeiv Verden. Foto: UiA

«The Divine in Diversity» vart først utvikla av Skeiv Verden og UiA – Senter for likestilling til Demokratiuka i Kristiansand i 2025. Målet var å skape eit trygt rom der ein kunne utforske korleis tru og skeiv identitet kan eksistere side om side.

Etter arrangementet vart senteret kontakta av kurator for formidling, Håkon Lillegraven, ved Nasjonalmuseet.

Lillegraven ønskte å løfte samtalen inn i ein nasjonal samanheng i samband med utstillinga «Deviant Ornaments» (Skeive ornament), som undersøker skeive uttrykk i islamsk kunsthistorie.

Føredrag for tilsette ved museet

I forkant av panelsamtalen heldt Skretteberg Warenius eit føredrag for dei tilsette i formidlingsavdelinga ved Nasjonalmuseet.

— Her fekk deltakarane innsikt i kvifor UiA – Senter for likestilling har valt å bruke kunst som metode for kompetanseheving i arbeidet sitt i Agder, og korleis kunst kan opne for refleksjon, attkjenning og samtalar som elles kan vere vanskelege å få til. Særleg når det handlar om tru, skeivleik og tilhøyrsle, seier ho.

Det vart òg løfta fram korleis kunstnarlege uttrykk kan skape augeblinkar av «queer joy». Det betyr små, men viktige erfaringar av fellesskap, attkjenning og eigenkraft.

Formidlarane fekk dessutan innsikt i korleis «The Divine in Diversity» vart utvikla i samarbeid med sivilsamfunnsaktørar, og kor avgjerande slike partnarskap er for å skape trygge og relevante rom for skeive stemmer.

Gud er kjærleik

I panelsamtalen møtte publikum tre sterke stemmer. Forfattar Wesam Almadani, filmskapar og biletkunstnar Hamid Waheed, og musikkaktivist og filmskapar Roza Taslimi.

Saman delte dei erfaringar om tru, skeivleik, fellesskap og kunsten som fristad.

To sammenslåtte bord står lent mot en hvit vegg, på det til venstre henger det en kaftan og en keffiyeh (Palestinaskjerf), få det til høyre henger det en lang lys pelskåpe og en hatt med regnbuebånd rundt. Midt mellom disse sitter Wessam Almadani, og bildet er redigert så hen ser mot høyre og venstre på samme tid. Over hodet til Almadani står det skrevet på veggen: "Jeg har ikke et morsmål. Hver stavelse glipper. Arabisk for varmt til å kunne holdes. norsk for kaldt til å kunne bære en kropp. Språket legger seg i håndflatene. Jeg løfter dem, men de er tomme. Så jeg skriver ikke for å si noe men fordi noe i meg ikke vet hvordan man tier."
Frå verket "Eit rom som liknar ei lunge" av Maya Økland og Wesam Almadani.

Moderator for samtalen var prosjektleiar og rådgivar i Skeiv Verden, Mona Frank.

Forfattar Wesam Almadani fortalde om kor krevjande det kan vere å stå i kryssingspunktet mellom å vere muslim og skeiv:

— Denne interseksjonaliteten er vanskeleg for mange å forstå, seier hen.

Almadani skildrar korleis hen les Koranen på ein måte som opnar for skeive liv, og understrekar at tru for hen handlar om kjærleik og skaparverk.

— I islam kan vi seie at Gud har skapt mennesket slik det er, og gav det verdi ved å blåse si ånd inn i det. Difor er mennesket verdsett, med både styrkar og veikskapar.

Almadani peikar òg på kunsten som eit språk som kan nå lenger enn teologiske diskusjonar:

— Eg trur ikkje alltid på historiebøkene. For kven skreiv dei, og i kva kontekst? Men eg trur på kunst og litteratur. Kunst er folket. I ei tid der alle snakkar i munnen på kvarandre, og ingen lyttar, kan vi kommunisere gjennom kunst.

— Kunst er mi fristad

Midt i et stort rom står en seng, en radio og en lampe på et persisk teppe. På sengen sitter performancekunstner Hamid Waheed. Han har på  seg en grå pysjbukse og en hvit singlet. Det ser ut som at han skal til å skru av lampen ved å trekke i en snor på den. Rundt sengen står det mennesker og observerer.
Framføring av Hamid Waheed ved Nasjonalmuseet. Foto: Andreas Harvik / Nasjonalmuseet

Filmskapar og kunstnar Hamid Waheed delte erfaringar med å vere andregenerasjons innvandrar i ei kunstutdanning, og korleis dette har forma arbeidet og perspektiva hans.

Han skildra òg korleis kunsten har vore ein stad der han kan utforske identitet utan å måtte forklare seg:

— Kunst er ein fristad for meg. Mykje av det eg gjer som kunstnar, handlar om å uttrykkje det som kjennest rett for meg – og kanskje gir det òg noko til andre, seier han og held fram:

— Då eg innsåg kva det faktisk inneber å vere andregenerasjons innvandrar i eit internasjonalt program på KHIO, fall mykje på plass. Førstegenerasjonen har heilt andre erfaringar, og barna deira vil igjen få nokre som liknar meir på mine.

Fellesskap er avgjerande

Bildet er fra et klubblokale, det er en person som danser med armene i været, og mange står rundt og tilsynelatende danser. Bildet er kornete og ute av fokus med et rødskjær. Man kan se konturer av et stort lokale med mange mennesker
Klubbkveld med Sweetcheeks. Produsert og kuratert av Roza Taslimi. Foto: Chai Saeidi

Musikkaktivist Roza Taslimi løfta fram kor viktig det er med rom som inkluderer fleire kroppar og identitetar, noko ho mellom anna har arbeidd med gjennom klubbkonseptet Sweetcheeks.

Taslimi snakka om behovet for fellesskap, og at dette fellesskapet endrar seg over tid.

— Eg er sjølv ikkje religiøs, men eg har alltid sett pris på fellesskapet som finst i desse miljøa. Tilhøyrsle er viktig, og det – saman med fellesskap – var nokre av dei viktigaste faktorane i klubbkveldane vi laga.

— Kanskje fordi eg har blitt eldre, ser eg òg at fellesskapet må ta nye former for min del, for eg orkar ikkje vere ute heile natta lenger, seier ho med eit smil.

Kunst som dør opnar

Felles for alle dei tre paneldeltakarane er korleis dei skildrar kunstens kraft som fristad, språk og fellesskap. Han rommar det som elles kan vere vanskeleg å seie høgt, og gir det form og plass.

— Samarbeidet mellom Nasjonalmuseet, UiA – Senter for likestilling og Skeiv Verden gjer at tema som ofte blir handsama i lukka rom, blir løfta inn i det offentlege, sier prosjektleiar Mary Ann Skretteberg Warenius, og legg til:

— Publikum fekk både møte kunstverka i utstillinga «Skeive ornament» og høyre direkte frå kunstnarar som står midt i dei erfaringane utstillinga utforskar.

UiA – Senter for likestilling rettar ein stor takk til Nasjonalmuseet ved Håkon Lillegraven for tilliten og samarbeidet. Og ein særleg stor takk til Skeiv Verden ved Mona Frank for gjentekne gode samarbeidsprosjekt, fagleg tyngd, perspektiv og tryggleik i prosessane. Saman vart det forma ein kveld om kunst, menneske, historier og fellesskap.