Skeiv arrangementsrekkje blir utvida – større geografisk spreiing i Agder

Etter ei suksessrik arrangementsrekkje i fjor tek vi no konseptet eit steg vidare – Skeiv arrangementsrekkje veks, og i år når vi ut til heile sju kommunar i Agder!

To personer med maskulint kjønnsuttrykk sitter i front, og er midt i en samtale. I bakgrunnen er det en skjerm hvor det står "hva er en kvinne" og med bilde av en kvinne på.

Biletet er frå fjorårets rekkje, frå ein kunstnarsamtale mellom Marin Håskjold og Liam Eric Bula i samband med visning av kortfilmen «Kva er ei kvinne?».
Foto: Mary Ann Skretteberg Andersen

Av Mary Ann Skretteberg Andersen
Publisert 13. mars 2025 - Sist endret 10. des. 2025

Skeive perspektiv har historisk vore marginaliserte i kunst- og kulturformidling, trass i at dei har bidrege mykje til kulturutviklinga. Gjennom Skeiv arrangementsrekkje ønskjer vi å synleggjere desse perspektiva og bidra til meir representasjon.

Poesikveld, bokbad, samtalar med forfattarar og kunstnarar, teaterframsyningar og kulturelle møte står på programmet. Målet er det same som før: å løfte fram skeive historier og gjere kunnskap meir tilgjengeleg for heile Agder.

Kvifor Skeiv arrangementsrekkje?

Fjorårets arrangement har vist seg å vere eit viktig kultur- og kompetansetiltak. Gjennom faglege samtalar, kunst, film, panelsamtalar og scenekunst har rekkja både styrkt kunnskapen om kjønns- og seksualitetsmangfald i regionen og vore eit etterlengta kulturtilbod. Evalueringane frå i fjor viser at dette tilbodet er sårt tiltrengt, og at mange ønskjer ei vidareføring – gjerne med endå større breidde og vidare geografisk dekning.

Kva kan du vente deg i år?

Den nye arrangementsrekkja byr på poesikveld, bokbad, samtalar med forfattarar og kunstnarar, teaterframsyning og kulturelle møte. Vi ønskjer å løfte fram skeiv kultur og historie, og ta opp dagsaktuelle tema som rører ved skeive liv. Tema som blir tekne opp er mellom anna det å vere skeiv og truande, skeive familiar, skeiv alderdom, og fleire til.

I år vil arrangementa gå føre seg fleire stader i Agder, slik at endå fleire kan delta utan å reise langt. Dei blir spreidde ut over året, med arrangement i mars, april og mai – og etter sommarferien i september, oktober og november. Vi samarbeider med lokale kulturhus, bibliotek, kunstmiljø og skeive organisasjonar.

Kven er det for?

Skeiv arrangementsrekkje er open for alle. Enten du er ein del av det skeive miljøet, jobbar i helsesektoren, i skulen eller kulturlivet – eller berre er nysgjerrig og ønskjer å lære meir – er du hjarteleg velkomen.

Alle arrangementa er gratis, men krev påmelding. Dette gjer at vi kan leggje best mogleg til rette for ei god oppleving for alle deltakarar.

Kvifor står Universitetet i Agder bak?

Som universitet har vi ansvar for kunnskapsformidling, samfunnsengasjement og å fremje likestilling. Ved å arrangere Skeiv arrangementsrekkje bidreg vi til dette, og til eit meir inkluderande samfunn der forsking og kunst kan gå hand i hand for å styrkje forståinga av skeive liv og erfaringar. Vi ser det som ein del av vårt oppdrag å løfte fram skeiv tematikk – både akademisk og kulturelt.

Meld deg på! 

Vi håpar du vil vere med på årets arrangement! Følg med på nettsidene og sosiale medier for programslipp og påmeldingsinformasjon.

Les meir og meld deg på dei ulike arrangementa her (lista blir oppdatert fortløpande):
 
27. mars i Arendal: Skeive spor - å eldes med stolthet. En poesikveld og panelsamtale om skeiv aldring 

10. april i Kvinesdal: Bokbad med Luca Dalen Espseth med boken Født i rett kropp

6. mai i Kristiansand: The divine in diversity – Utforsking av skeiv tro 

Meir info kjem.