På oppdrag frå regjeringa bidrog UiA – Senter for likestilling til OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) sin gjennomgang av norsk likestillingspolitikk. Senteret stilte til intervju, delte fagkunnskap og bidrog med innsikt i lokale og regionale likestillingsutfordringar.
Det er seniorrådgjevar Rasha Abdallah i arbeidsliv og likeverdige tenester som har representert senteret i dette arbeidet.
— Vi bidrog som del av det norske likestillingsapparatet for å gje innblikk i organisering, arbeid og samarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Abdallah.
Kva er OECD?
OECD står for Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Det er ein internasjonal organisasjon med 38 medlemsland. Målet er å styrkje økonomien, betre levevilkåra til folk og auke handel mellom land.
I OECD vert viktige økonomiske og samfunnsmessige spørsmål drøfta. Dette skal hjelpe med å lage betre politikk for å sikre vekst og tryggleik for innbyggjarane.
Nyleg la regjeringa fram ein ny OECD-rapport om korleis offentlege styresmakter, slik som kommunar, fylke og staten, arbeider med likestilling.
Kjelde: Store norske leksikon, Regjeringa
Vil ha større satsing
Rapporten peiker på at Noreg no har eit handlingsrom til å rigge seg for framtidas økonomi i ei verd prega av grøn og digital omstilling.
— Lukkast vi med å setje likestillinga i sentrum, er gevinstane store, seier Abdallah og understrekar:
— Dersom vi ikkje er medvitne på likestillingsperspektivet, ligg det ein potensiell fare i å vidareføre og reprodusere skeivheiter.
På spørsmål om kva av OECDs tilrådingar som hastar mest å følgje opp, svarar Abdallah utan å nøle: Likestilling må bli eit tydeleg felles mål i politikken og i nasjonale planar.
— Det vil bidra til å tette gapet mellom ambisjonar og reelle endringar, seier ho.
Rapporten tilrår òg at departementa får eit felles rammeverk for å måle og evaluere sitt eige likestillingsarbeid.
Nøkkelfunn frå OECD-rapporten:
- Noreg har store ambisjonar, men slit med å følgje dei opp i praksis
- Departementa samarbeider for lite om likestilling
- Eit framleis aukande kjønnsdelt arbeidsmarknad og deltidsarbeid
- Vi manglar eit felles system for å måle om likestillingstiltak faktisk verkar
- Den grøne og digitale omstillinga på verdsbasis gjev Noreg eit sjeldan handlingsrom og ein posisjon til å ta grep no
Stadfestar senterets nasjonale posisjon
Rashas deltaking i det internasjonale arbeidet stadfestar senterets rolle som ein truverdig faginstans, ifølgje leiarstøtte Adriana Ruiz ved UiA – Senter for likestilling.
— Det viser at analysane og tilrådingane våre vert vurderte som verdifulle både for norske styresmakter og i internasjonale forum, seier Ruiz.
Ho skildrar senteret som ei bru mellom forsking og politikk, og meiner deltakinga viser at senteret kan bidra med relevant kunnskap på alle nivå.
Ruiz håpar at tilrådingane i rapporten no vert følgde opp. Både av regjering, departement og kommunar, og at arbeidet fører til eit tettare samarbeid om konkrete tiltak.

