Møttest til dialogsamling om likekjønna samliv på UiA

Spørsmålet om likekjønna samliv har splitta menigheiter over heile landet. Nyleg møttest 170 kristne med ulike syn til ei dialogsamling om temaet.

Gruppebilde

Nøgde arrangørar (frå venstre): Kjetil Høyer Jonassen, Arild Sæbø, Thea Mujkic Litschi, Bente Laland, Rigmor Angell Stakkeland og Ole Tobias Knutsen. Alle foto i saka: Damares Stenbakk / UiA

Av Damares Stenbakk
Publisert 29. okt. 2026 - Sist endret 30. okt. 2026

– Denne dialogsamlinga er særleg viktig i Agder, der vi allereie veit at skeive opplever større levekårsutfordringar enn i fleire andre regionar. Samtidig veit vi at mange skeive anten er, eller har vore, ein del av kristne miljø.

Det seier Thea Mujkic Litschi, arrangør og rådgivar ved UiA – Senter for likestilling.

Dialogsamlinga vart i regi av UiA – Senter for likestilling og Nettverket – En kirke for alle. Agder fylkeskommune støtta også samlinga.

Målet med samlinga var ikkje å bli einige, men å lytte til og forstå kvarandre.

Om dialogsamlinga

Dialogsamlinga vart halden 10. oktober ved Universitetet i Agder (UiA) og hadde temaet «Korleis skape dialog i menigheita om samliv?».

Programmet bestod av:

  • Kjønnsidentitet, seksuell orientering og levekår for skeive i Agder frå Thea Mujkic Litschi, rådgivar ved UiA – Senter for likestilling.
  • Kunnskap om helsa til skeive og korleis dette kan påverke debatten frå Solveig Litschi Mujkic, psykolog ved Sørlandet sjukehus.
  • Interessante funn om tolkingstradisjonar og bibelsyn, og korleis bibeltolkinga påverkar møtet med andre menneske, frå UiA-professor Morten Beckmann.
  • Kor viktig dialog er for å utfordre og korrigere fordomsfulle oppfatningar vi har av kvarandre, var noko av det Henrik Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd, snakka om.
  • Eirik Austeng, pastor i Hamar Frikirke, snakka om samlivsdebatten og dei viktige spørsmåla han reiser – spørsmål vi bør våge å la oss utfordre av.
  • Per Eriksen, teolog og pastor, utfordra oss til å reflektere over kva som eigentleg er kjernen i kristen tru og etikk.
  • Ingrid Breder Waller, pastor i Bærum Baptistkirke, fortalde om den personlege vegen sin inn i kristendommen som skeiv.

Større levekårsutfordringar i Agder

For nokon er det heilt uproblematisk å vere både skeiv og kristen. Men slik er det ikkje for alle.

– Nokon kjenner at dei ikkje kan vere opne om identiteten sin, nokon blir nekta formelle roller i kyrkjesamfunnet sitt, og andre opplever å miste kontakten med vener eller familie. Samtidig kan enkelte vegre seg for å vere opne om den kristne trua si i skeive miljø, seier Litschi.

Ho viser til ny forsking ved UiA, som peikar på at skeive i menigheiter der samlivet deira ikkje blir anerkjent.

– Mange skjuler sin eigen identitet av frykt for negative reaksjonar. Det kan føre til identitetskonfliktar, stress og ei konstant kjensle av å måtte vere på vakt. Dette kan få betydning for psykisk helse, tilhøyrsle og livskvalitet.

Portett av Thea
Thea Mujkic Litschi er rådgivar ved UiA – Senter for likestilling. Ho snakka om kjønnsidentitet, seksuell orientering og levekår for skeive i Agder under samlinga.

Starta med ei erklæring

Samarbeidet med Nettverket – En kirke for alle har bakgrunnen sin i 2024.

Då vedtok synodestyret i Frikyrkja Den felleskristne erklæringa om kjønns- og seksualitetsmangfald. Erklæringa slår mellom anna fast at ekteskapet er ei ordning mellom éin mann og éi kvinne, og at det biologiske kjønnet ligg til grunn for skapinga av mennesket. Dermed blir verken likekjønna samliv eller transpersonar anerkjende innanfor rammene av erklæringa.

Arild Sæbø, som i dag leiar Nettverket, var ein av dei som tok kontakt med UiA – Senter for likestilling etter erklæringa. Han ønskte råd om korleis medlemmer som var ueinige i erklæringa, kunne arbeide for betre levekår og større inkludering av skeive internt i Frikyrkja.

– Nettverket har vist korleis det er mogleg å arbeide for endring innanfrå, og korleis menneske med ulike teologiske standpunkt kan møtast i respektfull dialog, seier Litschi.

Ein døropnar

For Sæbø er målet ikkje at alle skal bli einige.

– Eg meiner at det i ei menigheit må vere mogleg å leve med to syn på likekjønna samliv. Ei menigheit skal ikkje vere eit meiningsfellesskap, men heller løftast fram som eit trusfellesskap, seier han.

Han peikar på Den norske kyrkja, som i ti år har praktisert at menigheitene kan leve med to syn.

– Ut frå dei menigheitene eg kjenner, fungerer dette bra. Det er lite turbulent, og spørsmålet får lite merksemd. Eg forstår av oppslag i pressa at det kan vere turbulent også i nokre menigheiter i Den norske kyrkja, men likevel ikkje så turbulent som i enkelte frikyrkjelege kyrkjesamfunn.

– Då blir søkjelyset meir retta mot den gode bodskapen og utviklinga i menigheita enn mot eit teologisk spørsmål som mange synest er vanskeleg.

Portrett av Arild
Arild Sæbø, leiar i Nettverket – En kirke for alle. 

Sæbø meiner det har vore for lite rom for ulike tolkingar av Bibelen, kanskje mest i frikyrkjelege kyrkjesamfunn, men også i Den norske kyrkja.

– Å akseptere ueinigheit er relativt lett for dei fleste kristne. Men når nokon opplever at det den andre meiner, går på tvers av Guds ord, blir det vanskeleg. Respekt for ulike tolkingar opnar meir enn han stengjer, seier han.

Han understrekar at kunnskap er ein viktig del av arbeidet.

– Å kjenne til forskinga om skeive og kva utfordringar dei har, styrkjer moglegheita til å minske utanforskapet i menigheitene. Vi håper dialogsamlinga blir ein døropnar, slik at dialogen blir meir framtredande enn debatten som går i mange menigheiter.

– Dialog går begge vegar

Portrett av Jan Ståle
Jan Ståle Grøtteland er frå Flekkefjord og er tidlegare pastor i Frikirken. Han ser på seg sjølv som progressiv i synet på likekjønna samliv i menigheitene.

Jan Ståle Grøtteland frå Flekkefjord har vore pastor i over 20 år. Han sat i leiinga i menigheita si og var representant i generalforsamlinga i Frikyrkja. Der opplevde han at døra vart stengd.

– Denne saka vart den store saka. Du vart ikkje vald om du ikkje hadde rett syn, seier han.

No er Grøtteland pensjonist, men møtet har ikkje sleppt taket.

– Eg vil ha tru på dialog, men eg trur ikkje det har gått ein dag utan at eg har tenkt på det møtet. Det har gjort det vanskeleg å vere i Frikyrkja. Det blir sagt at det ikkje er meiningstvang, men spørsmålet var om du er valbar til ein tillitsposisjon sjølv om du har eit progressivt syn. Det svarte generalforsamlinga nei til, seier Grøtteland.

Likevel var han blant deltakarane på dialogsamlinga. Han fortel at den førre samlinga, for eitt år sidan, var meir einsidig.

– No er det lagt vekt på å representere ulike syn og skape dialog. For meg er det viktig å tenkje at det ikkje finst nokon annan veg å gå. Dialog går begge vegar. Eg må ha respekt for dei som ikkje følgjer meg i synet mitt.

Kan krevje ei beklaging

Portrett av Reidunn
Reidunn Tyssen Johnsen er medlem i Kristiansand Frikirke og kallar seg endringsvillig i synet på likekjønna samliv i menigheitene.

Reidunn Tyssen Johnsen har vore medlem av Kristiansand Frikirke i mange år. Ho skildrar ein periode der det har vore vanskeleg for mange å stå i menigheita, på grunn av synet som har kome fram i media, og det som har vorte sagt.

– Ueinigheit finst i politiske parti og i familiar, men vi er glade i kvarandre likevel, seier ho.

I dag har menigheita ei eiga gruppe som arbeider med dialogmøte. Der sit medlemmer med ulike syn saman i grupper og snakkar saman, med respekt og god tone.

Tyssen Johnsen kallar seg endringsvillig. Ho voks opp i eit pietistisk miljø, med ei konservativ oppseding.

– Det som er viktig, er at vi er i rørsle. Vi som er kristne, er også i rørsle. Aller viktigast er kjærleiken og å vise kjærleik. Eg er glad i alle menneske som går i kyrkja vår, sjølv dei som er ueinige med meg, seier ho.

Ho meiner likevel at god dialog av og til må innehalde noko meir.

– Når ein kjempar for ei sak, kan det ofte gå varmt for seg. Då er det ikkje god dialog, same kva ein meiner. Vi som er kristne, må gå i oss sjølve og kunne beklage at vi ikkje har ordlagt oss godt. Ei beklaging byggjer opp att tilliten, og ho må gå begge vegar, same kva syn ein har.

Skal evaluere samlinga

Litschi har alt fått tilbakemeldingar frå deltakarar om at samlinga kan gi inspirasjon til prosessar som er i gang i ulike menigheiter.

– Eg trur kunnskap om dialog som verktøy vil vere særleg verdfull, sidan desse temaa har skapt ueinigheit og splitting i mange menigheiter, seier ho.

Det var fullt hus då UiA– Senter for likestilling og Nettverket – En kirke for alle inviterte til dialogsamling på UiA.

Deltakarane kjem frå ulike trussamfunn, og senteret har ikkje høve til å følgje opp dei lokale prosessane. Difor er dei langsiktige verknadene vanskelege å måle.

Senteret vil likevel gjennomføre ei evaluering for å få innsikt i kva deltakarane har lært, og kor nyttig dei meiner samlinga er for arbeidet vidare.

For Litschi er samlinga også eit prov på noko større.

– Gode samarbeid og god dialog kan oppstå mellom menneske som i utgangspunktet opplever seg som svært ulike. Audmjukskap, kunnskap og dialog er viktige verktøy i ei tid som ofte blir opplevd som polarisert. Sjølv om vi har ulike synspunkt og ulike vegar dit, deler vi ofte eit felles ønske om å skape gode, trygge og inkluderande fellesskap.