English version of this page

Menn i barnevernet får ofte ansvaret når det blir uro

Mannlege barnevernsarbeidarar opplever at kjønn styrer kven som får kva oppgåver. Det kan gjere dei ekstra utsette i tøffe situasjonar, viser ei ny masteroppgåve frå Universitetet i Agder (UiA).

Illustrasjon av to hender

Menn er i mindretal i barnevernet. Nye funn frå ei masteroppgåve frå UiA viser at forventningar til kjønn pregar både arbeidsdelinga og omsorga dei gir. Foto: Colourbox

Av Damares Stenbakk
Publisert 6. nov. 2026 - Sist endret 6. nov. 2026

Barnevernet er ein arbeidsplass der kvinnene er i klart fleirtal. Men korleis er det eigentleg å vere mann i eit omsorgsyrke der dei fleste kollegaene er kvinner?

Det ville Marta Oliva Langemyr finne ut av i masteroppgåva si i sosialt arbeid ved UiA.

Ho blei nysgjerrig på norsk forsking på feltet. Og der var det lite merksemd på kva kjønn har å seie for barnevernsarbeidarar.

– Det motiverte meg til å undersøkje korleis dei opplever det å vere mann i eit kvinnedominert yrke, og kva kjønn kan ha å seie i arbeidskvardagen, seier Langemyr.

  • Marta Oliva Langemyr er ein av fire studentar som fekk tildelt masterstipend frå UiA – Senter for likestilling for studieåret 2025–2026
  • Ho tok master i sosialt arbeid ved UiA med masteroppgåva: «Ja, jeg vet at jeg er mann – men jeg er også et menneske»: En kvalitativ undersøkelse om menn i barnevernfaglig arbeid og deres opplevelser og forståelser av omsorgspraksis
  • Problemstilling: Kva opplever menn i barnevernfagleg arbeid at kjønn har å seie for arbeidet deira, og korleis forstår dei sin eigen omsorgspraksis?
  • Metode: Kvalitativ studie med ti semistrukturerte intervju

Må bevise at dei kan jobben

Langemyr gjennomførte dybdeintervju med ti menn som jobbar i barnevernet, for å høyre om erfaringane deira.

Intervjua viste at forventningar til kjønn kan ha innverknad på korleis mennene møter barn i barnevernet som har opplevd vald og traume.

Studien viste at mennene må vere ekstra medvitne om korleis dei viser omsorg, til dømes gjennom kroppskontakt og fysisk nærleik.

– Dei må ofte finne alternative måtar å vise nærleik og omsorg på, seier ho.

Forventningar knytte til kjønn påverkar også korleis ansvar og arbeidsoppgåver blir fordelte i barnevernet. Langemyr fann ut at mennene blir ekstra utsette i situasjonar der konfliktnivået er høgt.

– Det kan vere ein uskriven regel at menn blir forventa å ta dei tøffaste eller mest utagerande situasjonane nettopp fordi dei er menn. Nokre kjenner også på at dei må bevise at dei kan jobben, sjølv om dei har same utdanning som dei kvinnelege kollegaene sine, seier ho.

Portrettbilde av Marta
Marta Oliva Langemyr har ein bachelorgrad i psykologi og tok mastergraden i sosialt arbeid på UiA. Foto: Damares Stenbakk / UiA

Påverka av tradisjonelle kjønnsroller

Vi veit generelt lite om korleis menn, som er i mindretal i barnevernet, opplever at kjønn påverkar arbeidskvardagen deira. Langemyr meiner difor at studien bidrar med ny og viktig kunnskap.

– Studien viser at menn også blir påverka av kjønn, og at dei kan møte utfordringar som bør sjåast i eit likestillingsperspektiv, seier ho.

Ho håper funna kan bidra til større medvit om forventningar knytte til kjønn og korleis arbeidsoppgåvene blir fordelte. Dette gjeld både i dei kommunale barnevernstenestene og på barnevernsinstitusjonane.

– Arbeidet i barnevernet er framleis til ein viss grad prega av tradisjonelle oppfatningar av kjønn og forventningar til korleis menn og kvinner skal vere. Denne kunnskapen kan gi nye perspektiv på korleis omsorga blir utøvd, seier Langemyr.

Ho trekkjer også fram kor viktig leiinga er. Funna kan gi leiarar betre grunnlag for å organisere og følgje opp arbeidet, og bidra til eit meir likestilt barnevern.

Referanse:

Langemyr, M.O. (2026). "Ja, jeg vet at jeg er en mann - men jeg er også et menneske" - En kvalitativ undersøkelse om menn i barnevernfaglig arbeid og deres opplevelser og forståelser av omsorgspraksis