Fryktar å seie noko feil

Tilsette ved to profesjonsutdanningar kjenner på at dei manglar språk for kjønns- og seksualitetsmangfald, ifølgje ei ny kartlegging.

Thea Litschi sitter i trappa ved Vrimlehallen på UiA. Hun ser mot kamera og smiler litt.

Rådgivar Thea Litschi ved Kompetanseeininga for kjønns- og seksualitetsmangfald ved Senter for likestilling. Foto: Knut Knudsen Eigeland

Av Knut Knudsen Eigeland
Publisert 15. mars 2024 - Sist endret 23. des. 2025

Denne artikkelen blei første gong publisert i oktober 2023.

I ein ny rapport har Senter for likestilling sett nærare på korleis tilsette ved lærarutdanninga og sosialt arbeid ved UiA innlemmer kunnskap om seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet i undervisning og pensum.

Til saman er seks tilsette ved lærarutdanninga og seks tilsette ved sosialt arbeid djupneintervjua.

– Mange av desse nemner frykta for å seie noko feil, seier rådgivar Thea Litschi ved Kompetanseeininga for kjønns- og seksualitetsmangfald ved Senter for likestilling.

Ho står bak rapporten saman med tidlegare kollega og seniorrådgivar ved Senter for likestilling, Elanor Halvorsen Brendmo, og forskar Helga Birgit Bjørnarå ved NORCE.

Nokre fakta

Kunnskap om kjønns- og seksualitetsmangfald er blant kompetansemåla i ulike fag i grunnskulen.

I rammeplanane for grunnskulelærarutdanningane heiter det mellom anna at «kandidaten kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø …».

I rammeplanen for sosialt arbeid heiter det mellom anna at ein skal «ha kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten bidreg til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet».

Reelle forskjellar

Samtidig er det ei utfordring å finne ut korleis ein best underviser om tematikken.

– Det blir oppfatta som om det er for mykje problemfokus. Samstundes viser levekårsundersøkingar at det er reelle forskjellar mellom skeive samanlikna med majoritetsbefolkninga, seier Litschi.

Sjølv om rapporten sine konklusjonar ikkje nødvendigvis er representative for UiA som heilskap, gir han likevel eit innblikk i undervisninga, meiner Litschi.

Ein av dei UiA-tilsette som er intervjua i rapporten, seier om skeive personar:

– Ein ting eg skammar meg over, er at eg ikkje har noko språk for å snakke om denne gruppa.

Bildet viser Thea Litschi stående ved en presentasjonsskjerm foran en gruppe mennesker som følger med.

Rådgivar Thea Litschi presenterer hovudfunn i rapporten. Foto: Knut Knudsen Eigeland

Ønskjer tydelege føringar

Denne kjensla smittar òg over på studentane.

Dei tilsette som er intervjua, opplever at studentar har same frykt for å seie noko feil, og manglar eit omgrepsapparat for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Tilsette fortel vidare at dei har erfaring med studentar som ønskjer å reservere seg mot å jobbe med personar som bryt med normer for kjønn eller seksualitet.

Her ønskjer dei tilsette tydelegare føringar for korleis dei skal handtere slike situasjonar, til dømes når studentar er ute i praksis.

Sjølv om dei som er intervjua ofte kvier seg for å snakke om tematikken, er det likevel fleire som brenn for feltet og har god kompetanse.

Mykje positiv vilje

I tillegg møter tematikken stor konkurranse frå mange andre tema det skal undervisast i. Dette heng òg saman med manglande føringar i rammeplanane, særleg i lærarutdanninga.

Dette kan føre til at det blir tilfeldig kva for studentar som har kunnskap om kjønns- og seksualitetsmangfald når dei er ferdig utdanna frå anten lærarutdanninga eller sosialt arbeid ved UiA.

Rapporten konkluderer med at dei tilsette viser både vilje og ønskje om eit sterkare søkelys på kjønns- og seksualitetsmangfald – både i undervisninga og når det gjeld å styrkje eigen kompetanse.

– Dette kan danne eit godt moglegheitsrom for å styrkje kompetansen og undervisninga om kjønns- og seksualitetsmangfald i desse utdanningane, seier Litschi.

Les heile rapporten her