– Alle eg har intervjua, fortel om ei oppleving at dei kjenner seg annleis enn dei andre. Det kan handle om hudfarge, namn eller kulturell bakgrunn. Dette til trass for at dei er fødde eller har vakse opp i Noreg.
Det seier Mamona Mumtaz Trondsen, tidlegare masterstudent i psykososial helse ved Universitetet i Agder (UiA).
Ho har undersøkt korleis unge mellom 18 og 25 år opplever tilhøyrsle og identitet etter å ha gjennomført Flexid, eit bevisstgjeringskurs for personar som veks opp med fleire kulturar.
Kurskonseptet blir nytta fleire stader i landet. I Kristiansand blir det mellom anna tilbode gjennom Ungdomstjenesten i Kristiansand kommune, der Mumtaz Trondsen jobbar til dagleg som Flexid-kurshaldar.
- Mamona Mumtaz Trondsen er ein av fire studentar som fekk masterstipend frå UiA – Senter for likestilling for studieåret 2025–2026.
- Ho har teke mastergrad i psykososial helse ved UiA med oppgåva «Identitetsutvikling og tilhørighet blant ungdom med krysskulturell bakgrunn – en undersøkelse av tidligere deltakere i bevisstgjøringskurset Flexid».
- Flexid står for «fleksibel identitet – mine muligheter med flere kulturer».
Kvardagsrasisme
Deltakarane i studien fortel om rasisme, mikroaggresjonar og diskriminering, både på skulen, i arbeidslivet og i kvardagen.
– Dei blir kategoriserte, ekskluderte eller møtte som «annleis» på grunn av bakgrunnen sin. Dette er ikkje enkeltståande tilfelle, men noko som skjer igjen og igjen, seier ho.
Dei fortel også om opplevingar av å bli sette i bås og haldne utanfor. Dei blir og møtte som om dei ikkje heilt høyrer til.
– Fleire opplever å vere i eit rom mellom to eller fleire kulturar, seier ho.
Mumtaz Trondsen meiner at erfaringane til ungdommane ikkje kan forståast isolert frå samfunnet dei er ein del av.
– Når ungdom gong på gong opplever å bli kategoriserte, ekskluderte eller behandla annleis, handlar det ikkje berre om haldningane til enkeltpersonar. Vi må også sjå på korleis samfunnet er med på å skape utanforskap, og kva konsekvensar det kan få for sjølvforståinga, tilhøyrsla og den psykososiale helsa til ungdommane, seier ho.
Kva er mikroaggresjonar?
Mikroaggresjonar er små ord og handlingar som minner deg på at du skil deg ut i augo til andre. Dei signaliserer at du eigentleg ikkje høyrer til. For mange er dette ein del av kvardagen.
Mange opplever kvar dag små, nedverdigande hendingar knytte til det å bli sett på som medlem av ei marginalisert gruppe, til dømes knytt til rase, kjønn, seksuell orientering eller etnisitet. Mikroaggresjonar kan vere kommentarar, men også blikk, kroppsspråk, det å bli oversett, å få hjelp ein ikkje har bede om, eller å få overdriven ros.
Kilde: rasismeveileder.no
Kulturelle kodar
Likevel viser ungdommane stor handlekraft. Dei handterer belastningane på ulike måtar: Dei tek kjenslemessig avstand, bagatelliserer, vekslar mellom kulturelle kodar og søkjer støtte hos folk rundt seg.
– Dei finn måtar å handtere ein krevjande livssituasjon på. Samtidig må vi sjå meistringa i samanheng med tilhøva dei lever under, fordi mange av utfordringane kjem av korleis samfunnet er organisert, seier ho.
Språk er også ein viktig identitetsmarkør som kan skape både tilhøyrsle og avstand. Mange av ungdommane i studien fortel at dei vekslar lett mellom språk og kulturelle kodar. Samtidig ber fleire på eit tungt ansvar heime.
– Fleire skildrar eit stort ansvar i familien, særleg gjennom tolkeroller og forventningar, seier ho.
Mumtaz Trondsen understrekar at det å leve mellom to kulturar ikkje berre er ei belastning.
– Det å vekse opp med fleire kulturar kan vere både krevjande og berikande. Ungdommane skildrar ei evne til å navigere mellom ulike språk, normer og forventningar. Samtidig ønskjer dei å definere sin eigen identitet, utan å måtte velje bort delar av kven dei er.

Ein viktig arena
For ungdommane i studien har Flexid vore ein særleg viktig arena for fellesskap og anerkjenning. Dei fortel kor mykje det betyr å møte andre som er lik ein sjølv, og at dei då kjenner at dei ikkje er åleine.
– Kurset hjelper dei med å sette ord på eigne erfaringar. Det gir betre forståing av seg sjølv og ei sterkare kjensle av å høyre til. I Flexid opplever dei at erfaringane deira blir tekne på alvor og delte med andre, utan at dei må forklare seg.
Mumtaz Trondsen håper funna kan takast i bruk i skulen, i helse- og sosialtenestene og av alle som jobbar med ungdom, integrering og likestilling.
– Eg håper studien kan bidra til større forståing for korleis identitet og tilhøyrsle blir forma i møte med omgivnadene.
– Vi må bli flinkare til å lytte til erfaringane til ungdommane sjølve og anerkjenne at dei kan høyre til fleire stader samtidig. Men ansvaret for å handtere utanforskap kan ikkje liggje på ungdommane åleine. Vi må også gjere noko med barrierane som skaper det.