Dragshow med eigen prest, glitter og glam

Når prest og dragartist Eir Andrea Berg går inn i rolla som Gloria Mundi, smeltar kyrkje og glitter saman på scena.

tre personer i drag på en scenen

X-dolls frå dragens univers: Gloria Mundi, Bleach Boo-Boo og Hylja Price skin på scena. Foto: Hedda Marie Westli

Av Damares Stenbakk
Publisert 15. okt. 2025 - Sist endret 15. okt. 2025

Saman med dragartistane Bleach Boo-Boo og Hylja Price inviterer ho til showet «Kors & Korsett – ei openberring på høge hælar» i Grimstad laurdag 18. oktober.

Heile arrangementet er skipa til av Senter for likestilling ved UiA.

Publikum kan vente seg ein kveld med humor, refleksjon og eit glitrande show, der det skeive møter det heilage – og der både latter og ettertanke får plass.

– Drag handlar om fridom, leik og mot. For meg er det å vere prest og dragartist to sider av same sak: å formidle kjærleik, menneskeverd og rom for alle.

Det seier Eir, betre kjend som Gloria Mundi.

Informasjon: Dragshow

Dato: Laurdag 18. oktober

Tidspunkt: Klokka 20:00 – 21:00

Stad: Grimstad kulturhus

Kleskode: Kom som du er – men gjerne med glitter!

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

Bestill billettar her

For spørsmål - kontakt Mary Ann Skretteberg Warenius

Ei feiring av mangfald og mot

X-dolls består av dragartistane Gloria Mundi, Bleach Boo-Boo og Hylja Price frå det glitrande universet der humor, mot og høge hælar møtest.

Til laurdag skal publikum oppleve eit dragshow fylt med dans, lipsync og glitter – men òg livsvisdom og refleksjon.

– Kors & Korsett handlar om å utforske spennvidda mellom tru, identitet og uttrykk. Og om å feire at vi menneske er ulike, men like mykje verd, seier Eir.

Prest som veiver med Pride-flagg i en kirke
Eir Andrea Berg jobbar som prest til dagleg. Laurdag kveld gler ho seg til å spreie glede som Gloria Mundi. Foto: Privat

Inkludering i glitter

Senter for likestilling ved UiA står bak arrangementet, som ein del av arbeidet med å fremje mangfald, inkludering og tryggleik for skeive i Agder.

– Vi ønskjer å skape arrangement der humor, kunst og samfunn møtest. Drag har ein unik evne til å utfordre normer, og samstundes samle folk i rein glede.

– Kanskje dette kan opne for refleksjon om identitet, tru, og det å vere både skeiv og religiøs, seier Mary Ann Skretteberg Warenius, rådgjevar i kjønn og seksualitet ved Senter for likestilling.