Kjølsø har skrive masteroppgåve i sosiologi om seksuell trakassering og overgrep blant studentar ved UiA.
No er ho rådgivar ved Senter for likestilling ved UiA, der ho jobbar med førebygging av trakassering og overgrep.
Kva er eigentleg seksuell trakassering?
Seksuell trakassering er, enkelt sagt, all ekkel, krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, plagsam og uønskt seksuell merksemd. Omgrepet omfattar alt frå blikk til overgrep. Det er seksuell trakassering anten det skjer éin gong eller fleire gonger.
Det er òg den som opplever det, som har makta til å avgjere om noko er seksuell trakassering. Det er altså verknaden på mottakaren – ikkje intensjonen til den som utøver – som er avgjerande.
Eg veit at nokre seier det kan vere vanskeleg å vite om ein trakasserer andre. Mitt svar er at kompliment og merksemd er noko dei aller fleste av oss set pris på – så lenge det blir gjort med respekt og på ein ordentleg måte.
Kor utbreidd er seksuell trakassering blant studentar?
Det er vanskeleg å gi heilt konkrete tal, sidan forskarar ofte spør på ulike måtar. Nokre undersøkingar ser på erfaringar gjennom eit heilt liv, andre på opplevde overgrep dei siste 12 månadene.
Ifølgje den norske SHoT-undersøkinga frå 2022 har likevel 39 prosent av kvinnelege og 9,4 prosent av mannlege studentar opplevd seksuell trakassering eller overgrep. Dette er uroande tal. Forsking tyder òg på at mange opplever dette meir enn éin gong.
Sjølv om SHoT-undersøkinga er omdiskutert, må vi ta dei høge tala på alvor. Vi veit at seksuelle krenkingar skjer på alle samfunnsarenaer.
Mange studentar er unge og i ein sårbar fase av livet. Statistikken viser òg at dei har større sannsyn for høgt alkoholinntak. Vi kan difor anta at tala er noko høgare i denne gruppa.
Kvifor er seksuell trakassering eit problem?
Seksuelle krenkingar kan få alvorlege konsekvensar for den som blir utsett for det. Informantane mine fortalde om psykiske, sosiale, seksuelle og akademiske utfordringar i etterkant.
Det kan òg skade kjensla av verdigheit og integritet, og skape eit utrygt miljø. For studentar kan dette mellom anna føre til at dei avsluttar eller avbryt studia.
Fleire veit kanskje ikkje – eller fornektar – kva dei har gjort.
Gjennom modning, meir kunnskap og/eller sterkare relasjonar forstår somme etter kvart kva dei har utsett andre for. Dette kan opplevast som svært vanskeleg.
Seksuell trakassering kan få alvorlege konsekvensar, ikkje berre for den utsette, men òg for deira sosiale krins, for utøvaren og for samfunnet som heilskap.
Kvifor kjenner utsette ofte på skam og skuld?
Svært få informasjonsplakatar og kampanjar er retta mot dei som har utøvd seksuell trakassering. Vi ser sjeldan oppmodingar om å søkje hjelp, eller om å vere merksam på eige forbruk av porno og alkohol.
Derimot ser vi ofte råd om å ikkje gå åleine i mørkret, bruke sykkelshorts under russedress, lære å seie nei, setje grenser og liknande. Fokuset blir altså oftare retta mot dei som kan bli utsette.
Etter å ha gått i djupna på tematikken ser eg korleis skam og skuld hos utsette kan vere ringverknader av denne måten å tenkje på. Den som blir krenkt, kan sitje igjen med ei kjensle av at dei ikkje var «flinke nok» til å avverje hendinga – og dermed legg skulda på seg sjølv.
Dette betyr ikkje at utøvarar ikkje kjenner på skuld og skam. Som nemnt tidlegare, opplever ofte dei som innser kva dei har gjort, dei same kjenslene.
Blir det meir eller mindre trakassering?
Forsking tyder på at omfanget av seksuell trakassering og overgrep aukar.
I SHoT-undersøkinga frå 2018 kom det fram at 29 prosent av kvinnelege og 8 prosent av mannlege studentar hadde opplevd seksuell trakassering. Fire år seinare hadde tala auka til 39 prosent kvinner og 9,4 prosent menn.
Ifølgje ein NOVA-rapport frå 2023 om vald og overgrep blant elevar i vidaregåande skule, har nesten alle former for seksuell vald dobla seg i perioden 2015–2023. 16 prosent av jentene og 4 prosent av gutane rapporterte at dei hadde opplevd valdtekt. Dette er ei skremmande utvikling.
Kva kan vere årsaker til denne auken?
Forskarar peikar på at meir informasjon og openheit om tematikken kan føre til at fleire som har blitt utsette for seksuell trakassering, seier frå.
Vi bør òg reflektere over at dagens unge ser mykje porno, og at dei er den første generasjonen som har vakse opp med enkel tilgang til dette.
Nokre av dei mest populære pornofilmer i dag handlar om incestfantasiar eller om menn som bruker kvinner sine kroppar og ansikt gjennom undertrykkjande handlingar og/eller vald.
Manglande kunnskap om seksualitet og grenser kan òg vere avgjerande. Mange unge har fått lite og dårleg seksualundervisning, og skal no utforske seksualiteten sin saman med andre.
Utan eit tydeleg motstykke til dette – og til pornokulturen – kan ein konsekvens vere at unge krenkjer eller skadar kvarandre utan å forstå at det ikkje er greitt.
Kvifor valde du å forske på studentar?
Eg skreiv masteroppgåva mi om studentar som hadde blitt utsette for seksuelle krenkingar av ein annan student ved UiA.
Som medstudent har eg gjennom fem år sett, opplevd og høyrt om alt frå milde til svært grove seksuelle krenkingar mellom studentar. Eg ønskte å rette merksemd mot det eg opplevde som ei fortidd utfordring.
Eg synest det var interessant at studentar ofte er sterkt knytte til studielivet og andre studentar på dei fleste område. Dei har eigne treningssenter, helsetilbod, studentvennlege utestader, studentspesifikke verv, felles førelesingar og bur ofte i kollektiv.
Dersom ein medstudent trakasserer eller forgrip seg på ein annan, kan det føre til sosial og akademisk isolasjon for den utsette, som ofte unngår stader der utøvaren er til stades.
Difor meinte eg det var viktig å snakke meir om dette.
Forventar studentane noko av universitetet?
Ja, dei forventar meir handlekraft og openheit rundt utfordringa. Dei meiner fortielse kan bidra til normalisering, og at normalisering igjen kan gjere det vanskelegare å kjempe mot dårlege haldningar og kultur ved institusjonen.
Fleire etterlyser informasjonsarbeid med ærleg og tilpassa innhald.
Igjen er det viktig at dette blir retta mot dei som utøver seksuell trakassering, eller dei som står i fare for å bli utøvarar. Studentane eg snakkar med, meiner UiA no har moglegheit til å bli leiande i kampen mot trakassering, og håpar institusjonen tek utfordringa.
Ei oppmoding mange kjem med, er å satse meir på førebygging i kvardagen.
Eg høyrde ein gong nokon seie noko slikt som:
«Ikkje bruk energien din på å snakke om straffa du vil gi seksualforbrytarar. Bruk ho på å sørgje for at venene dine aldri blir ein av dei.»
Den synest eg var fin.
UiA har nulltoleranse for seksuell trakassering. Dersom du har opplevd eller observert uønskte forhold, ber vi deg varsle om dette her.