Årsrapport Senter for likestilling 2024

I år opplever senteret i stor grad å ha sett likestillingstematikk på dagsordenen. No kan du lese meir om korleis vi har vore med på å utvikle lokale og regionale tiltak for likestilling i vår årsrapport.

Forsiden av årsrapporten 2024 for Senter for likestilling
Av Claudia Klostergaard
Publisert 19. mars 2025 - Sist endra 3. okt. 2025

2024 har vore eit innhaldsrikt og viktig år for Senter for likestilling. Gjennom målretta arbeid og tverrfagleg samarbeid har vi styrkt rolla vår som pådrivar for likestilling i Agder-regionen. Tilsette ved senteret har arbeidd aktivt for å skape reelle moglegheiter, spreie kunnskap og utfordre normer – i arbeidslivet, i akademia, i offentleg sektor og i samfunnet generelt.

Lanseringa av den nyaste likestillingsmonitoren vår har gjeve oss verdifull innsikt i kva regionale utfordringar vi framleis må ta tak i, samstundes som han har sett viktige tema på dagsordenen både i media og blant beslutningstakarar. Arbeidet med kjønn- og seksualitetsmangfald har vist oss kor avgjerande synlegheit og kompetanseheving er for å skape reell endring – særleg i ei tid der vi ser aukande polarisering og motstand mot rettane til skeive.

Vi har òg teke store steg i arbeidet mot seksuell trakassering. Kampanjen Raudt flagg har skapt viktig debatt og bidrege til å ansvarleggjere utøvarar – eit perspektiv vi ser altfor sjeldan i det førebyggjande arbeidet. Dette er eit døme på korleis vi aktivt arbeider for kulturendring, og ikkje berre medvitsgjering.

Gjennom handboka Ein dans på normer, som vart ferdigstilt og trykt i 2024, har vi òg utfordra korleis språk og bilete formar røyndomen vår. Målet er at fleire skal bli merksame på korleis dei kommuniserer, slik at vi saman kan skape eit meir inkluderande samfunn der alle blir sette, høyrde og respekterte. I tillegg har to nye fylkesbibliotek motteke fleire opplag av utstillinga Digital inkludering, som i løpet av året har vore innom mange av fylket sine bibliotek. I utstillinga blir det delt erfaringar og tankar frå nokre av dei som sjølve, eller på vegner av andre, har opplevd barrierar knytte til bruk av digitale tenester.

Senter for likestilling har vore ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten i 2024. Vi har bidrege til ein breiare diskusjon om likestilling i Agder gjennom nærmare 40 medieoppslag i lokale medium. Dette viser at arbeidet vårt ikkje berre engasjerer, men òg set dagsorden for viktige samfunnsspørsmål. Sjølv om vi har oppnådd mykje, veit vi at arbeidet for likestilling og mangfald aldri blir ferdig. Vi treng framleis kunnskapsbaserte tiltak, politisk vilje og ikkje minst engasjement frå enkeltpersonar og organisasjonar for å drive dette arbeidet vidare.

Tusen takk til alle som har bidrege i 2024 – dyktige medarbeidarar, gode samarbeidspartnarar, landets likestillingssenter og Reform ressurssenter for menn. Ei særleg takk går til Universitetet i Agder, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Agder fylkeskommune og Sparebanken Sør som finansierer arbeidet vårt!

Saman held vi fram arbeidet for eit meir rettferdig og inkluderande samfunn i 2025 og i åra som kjem!

Claudia Klostergaard

Fungerande leiar, Senter for likestilling (2024-2025)

Universitetet i Agder (UiA)

Sjå Senter for likestilling sin årsrapporten for 2024 her (PDF)