Vår rådgivar Rasha Abdallah opna tysdag 13. august fagdagen i regi av DPS Austre Agder.
Temaet var: Når samfunnsoppdraget krasjar? Fleire drap og meir vald i samfunnet – korleis påverkar det psykiatrien?
Her la Rasha vekt på å arbeide med ein interseksjonell tilnærming, der løysingane må byggje på kjønns- og mangfaldsperspektiv.
Utsetjing for vald og/eller diskriminering handlar ikkje berre om kjønn, men òg om maktulikskap og om å vere i marginaliserte posisjonar i samfunnet.
Det handlar om eit utanforskap som fører til ei psykisk belastning for dei som blir utsette for det. Psykiske plager og lidingar blant menn har lenge vore i ei blindsone.
Det er positivt at det no blir sett nærare på dette, sa ho, og viste til rapporten frå Mannsutvalet. Det var 250 deltakarar på denne fagdagen.

Er likeverd ein utopi?
Senter for likestilling var same dag medarrangør i UiA-teltet for samtalen:
Er likeverd ein utopi? Jenters og kvinners veg til prestasjonsutvikling.
Her presenterte Rasha innleiingsvis likestilling og utviklingstrekk:
Kvinner har alltid prestert ut frå det moglegheitsrommet og dei rammene omgjevnadene har gitt. Samstundes har kvinner kjempa for å utvide dette moglegheitsrommet og dei tronge kjønnsrollene som har fungert som hinder for at kvinner skal få ta ut sitt potensial på ulike samfunnsarenaer.
Denne kampen har først handla om kjønnslikestilling, men har seinare blitt utvida til òg å omfatte etnisitet, kjønnsidentitet og funksjonsnedsetjingar. Kampen har gått frå å vere eindimensjonal til fleirdimensjonal – eller meir mainstream.
Status for likestilling kan òg sjå ulik ut avhengig av kva vi ser etter: Måler vi likestilling gjennom like moglegheiter, eller ser vi på resultatlikskap? Det siste kan til dømes gi indikasjonar på skeivskapar i kjønnsbalansen i ulike bransjar, sa Rasha under arrangementet.
I panelet deltok:
- Bård Erlend Solstad, førsteamanuensis, Fakultet for helse- og idrettsvitskap, UiA
- Hege Merete Bjørnestøl Beckmann, førsteamanuensis, Fakultet for kunstfag, UiA
- Gunn-Hilde Erstad Haugen, forskar, Fakultet for kunstfag, UiA
- Rasha Abdallah, rådgivar, Fakultet for samfunnsvitskap, UiA
- Monica Klungland Torstveit, professor, Fakultet for helse- og idrettsvitskap, UiA
- Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant (Ap), familie- og kulturkomiteen
- Turid Kristensen, stortingsrepresentant (Høgre), familie- og kulturkomiteen

Rasha Abdallah i UiA-teltet under arrangementet: Er likeverd ein utopi? Foto: Marit Wergeland/CreaTeME
Uenigheitsfellesskap
Onsdag 14. august deltok Rasha på arrangementet Uenigheitsfellesskap i fredstid, i regi av ARKIVET freds- og menneskerettssenter.
Samtalen handla om definisjonsmakt, blindsoner og nyansar som er truga.
Menneskerettsteltet var fullsett under denne samtalen om korleis vi snakkar om – og med – menneske vi er usamde med. Her la Rasha vekt på kor viktig det er å halde fast ved menneskeverd og menneskerettar som noko grunnleggjande og felles, trass i usemje.
Det er legitimt å kritisere undertrykkjande strukturar, system og institusjonar, men ein må vere varsam med å la kritikken ramme folkegrupper. Kritikken bør vidare byggje på kunnskapsbasert og sakleg grunnlag. Dette kan vere gode køyrereglar for samtalar og diskusjonar vi har, sa ho.
Les meir om arrangementet på Facebook
Raudt flagg
Torsdag 15. august presenterte senteret sin fungerande leiar, Claudia Klostergaard, UiAs raudt flagg-kampanje mot seksuell trakassering.
Det skjedde på UiA-arrangementet: Seksuell trakassering, som ung, ung vaksen og vaksen.
Senter for likestilling har fått ansvaret for å koordinere kampanjen, som starta opp no ved studiestart.
