English version of this page

Samarbeid

Senter for e-helse har langvarige samarbeid med utvalde regionale, nasjonale og internasjonale forskingspartnarar som fokuserar på e-helse.

European Innovation Partnership on Active and Healthy Ageing (EIP on AHA)

EIP on AHA er eit initiativ frå Europakommisjonen, der målet er å mobilisera ressursar, ekspertise og erfaringar for å laga nyskapande løysingar innan aktiv og sunn aldring. Ein av måtane dette blir gjort på er ved å peika ut referanseregionar.

Sidan 2013 har nettverket opna opp for at europeiske regionar kan måla seg mot seg sjølve og kvarandre  gjennom eit akkrediteringssystem basert på stjerner. Regionane får tildelt éin til fire stjerner baserte på kor godt utvikla økosystemet deira for aktiv og sunn aldring synest å vera. Agder vart først ein trestjerners referanseregion i 2016, og same status vart vidareført i 2019. I fjerde, og siste utlysingsrunde i 2022 fekk Agder endeleg full utteljing med fire stjerner.

Dette nettverket er ei unik moglegheit til å samarbeida med andre regionar i Europa.

Les meir om RSCN - Reference site collaborative network og EIP on AHA (eksterne nettsider)

Digital Health & Care Innovation Centre (DHI)

DHI er lokalisert i Skottland, og er ein del av innovasjonsprogrammet til det skotske finansieringsrådet, som er designa for å støtta transformerande samarbeid mellom universitet og bedrifter. Senteret samarbeider med DHI gjennom ulike prosjekt og nettverk som EIP on AHA. Både DHI og senteret vektlegg opplevinga til brukarane av helsetilbod.

Samarbeidet handlar mellom anna om teknologisk innovasjon, og samskapning mellom det offentlege, det private, akademia og befolkninga. Det er også eit poeng at DHI har mandat frå den skotske regjeringa om å utvikla e-helseløysingar, og er dermed inngangen til e-helse i Skottland.

Les mer om Digital Health & Care Innovation Centre (ekstern nettside)

Nordic Research Network: Health and Welfare Technology (HWT)

Denne nettverksgruppa vart etablert i 2019, og har vorte til i samarbeid med Nordens velferdssenter (ekstern nettside). Administrasjonen av nettverket følgjer presidentskapet i Nordisk ministerråd.  I 2022 hadde Noreg presidentskapet, der Nasjonalt senter for e-helseforsking og Universitetet i Agder administrerte Forskningsnettverket. Nettverket har medlemmer frå forskingsinstitusjonar i Norden, og kvar landsrepresentant i kjernegruppa er kontaktperson i landet sitt.

Nettverksgruppa har som mål å auka kunnskapen om forsking, høgare utdanning og praktisk erfaring innan emna helse- og velferdsteknologi.

Globalt står helse- og omsorgssektoren framfor store endringar. Digitalisering og teknologi speler ei stadig større rolle når det gjeld ulike typar velferdstenester. På dette området blir det samtidig viktig å utvikla pasient- og brukarfokuserte prosessar som gir menneske høve til å leva eit sjølvstendig liv lenger.

Helse- og velferdsteknologi med fokus på brukarperspektivet er eit relativt nytt forskingsfelt i Norden. Rolla for nettverket blir å koordinera denne typen forsking og bidra til å styrkja og utvida kunnskapen utanfor forskingsfeltet.

Delte erfaringar vil vera til nytte for dei nordiske landa, både på innbyggjarnivå, personal- og leverandørnivå, organisasjonsnivå og politisk nivå i det forventa framtidige arbeidet med auka implementering av helse- og velferdsteknologi.

Nasjonalt Senter for e-helseforskning (NSE)

Senteret samarbeider med Nasjonalt senter for e-helseforsking gjennom ulike prosjekt. Ein klar visjon frå Helse- og omsorgsdepartementet er at Nasjonalt senter for e-helseforsking skal skaffa og forvalta ei fullstendig oversikt over erfaring og kunnskap som kan brukast for å styrkja gjennomføring av nasjonale tiltak på e-helseområdet.

NSE skal produsera forsking i samarbeid med andre fagmiljø, formidla relevant e-helseforsking og levera aktuell forskingsbasert kunnskap til nasjonale styresmakter. Forskingssenteret skal vera til nytte for heile helse- og omsorgssektoren.

Publisert 22. jan. 2024 - Sist endret 19. nov. 2025