Senter for e-helse er eit forskingssenter som ligg under institutt for helse - og sykepleievitskap ved fakultetet for helse- og idrettsvitskap på UiA.
Vi er eit tverrfagleg senter som har forskarar frå fire fakultet på UiA; Fakultet for helse- og idrettsvitskap, fakultet for samfunnsvitskap, fakultet for teknologi og realfag og fakultet for humaniora og pedagogikk.
Senteret har ein fagleg leiar, ein administrativ leiar og administrativ støtte. Alle desse tre stillingane er av avgjerande betydning for at senteret skal halda oppe det høge aktivitetsnivået internt, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Senteret har ei kjernegruppe som består av leiinga på senteret og ein forskar frå kvart fakultet. I tillegg har me inne ein representant frå Kristiansand kommune. Kjernegruppa fungerer som kontaktpersonar for andre forskarar ved dei respektive fakulteta sine, som er knytt til senteret gjennom FoU-aktivitetane sine. Nokre stipendiatar frå ulike fakultet er også tilknytt senteret gjennom strategiske midlar.
Senteret har i tillegg eit fagråd for forsking og innovasjon innan e-helse, med eksterne og interne medlemmer.
Organisasjonskart
