Rollebeskriving for fagansvarlege i fellestenestene

11.08.23

Fagansvar er ei rolle, tildelt tilsett ved dei fellesadministrative einingane som inngår i fagmatrisa. Det er éin fagansvarleg innan kvart tenesteområde i matrisa. Ein fagansvarleg har det faglege ansvaret innan sitt tenesteområde, på delegasjon frå avdelingsdirektør. Ein fagansvarleg vil vere “nava“ for samhandling med andre aktørar, ved fakulteta/ALU, i fellestenestene og i sektoren, departement og i direktorat.

Innanfor sitt tenesteområde har den fagansvarlege ansvar for

  • å ha eit fagleg heilskapsperspektiv innan tenesteområdet, under dette sørge for at heile tenesteområdet blir varetatt
  • fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring av tenesteinnhaldet under dette digitalisering av tenestene
  • utvikling av god praksis og regeltolking innanfor sitt tenesteområde
  • opplæring av medarbeidarane til universitetet, både nye og erfarne, og sikre at medarbeidarane har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter
  • å vere fagleg oppdatert innan eige tenesteområde
  • opprette/vidareutvikle møtearenaer for medarbeidarar som har oppgåver innan tenesteområdet
Publisert 20. jan. 2026 - Sist endra 23. jan. 2026