English version of this page

Mandat for universitetets utdanningsutval

Fastsett av universitetsstyret 15.05.2019. Revidert av universitetsstyret 22.11.2023.

Utdanningsutvalet til universitetet er det rådgivande og utøvande utvalet til styret i saker som gjeld utdanning på bachelor- og masternivå. Utvalet skal ta initiativ til strategisk utviklingsarbeid, og bidra til at utdanningsspørsmål blir diskutert på ulike nivå i organisasjonen.

1. Strategisk utvikling

Utvalet skal

  • vera eit initierande og koordinerande organ i saker som gjeld strategisk utvikling av UiAs studieportefølje, under dette etter- og vidareutdanning, og anna strategisk utviklingsarbeid på utdanningsområdet
  • bidra til å identifisera strategiske moglegheiter og utfordringar på utdanningsområdet, og gi råd om korleis UiA bør forhalda seg til desse
  • føre tilsyn med utdanningskvaliteten
  • bidra til å styrkja samanhengen mellom utdanning og forsking
  • medverka til utvikling av læringsmiljøet ved UiA og samarbeide med Læringsmiljøutvalget i saker som berører begge utvala

2. Utsegner til universitetsstyret

Utvalet skal uttala seg til universitetsstyret i følgjande saker:

  • endringar i forskrift om studium og eksamen ved UiA og forskrift om opptak til studium og emne ved UiA
  • endringar i kvalitetssystemet
  • utdannings- og forskingsmeldinga til universitetet (UFM)
  • andre saker på utdanningsområdet av strategisk betydning

3. Styresmakt delegert frå universitetsstyret

Utvalet gjer vedtak i følgjande saker:

  • føringar for verksemda i UiA PULS
  • kriterium for tildeling av midlar gjennom Program for utdanningskvalitet
  • retningslinjer for akkreditering og reakkreditering av studieprogram
  • akkreditering og reakkreditering av studieprogram i samsvar med delegasjon frå universitetsstyret
  • felles malar, skjema mm til bruk i kvalitetsarbeidet
  • instruksar, retningslinjer og utfyllande reglar og dessutan vedtak i enkeltsaker på vegner av universitetsstyret, med heimel i forskrift om studium og eksamen ved Universitetet i Agder og forskrift om opptak til studium og emne ved Universitetet i Agder
  • andre saker etter delegasjon frå universitetsstyret

4. Samansetning og funksjonstid

Medlemmer i utvalet er:

  • Viserektor for utdanning (leiar)
  • Viserektor for samfunnskontakt og nyskaping (nestleiar)
  • 1 representant frå leiinga på kvart fakultet og Avdeling for lærarutdanning (dekan, prodekan eller visedekan for utdanning) med varamedlem, utnemnt av fakultetet / Avdeling for lærarutdanning. Fakultet/avdeling som ikkje har prodekan eller visedekan, utnemner instituttleiar eller studieleiar som varamedlem.
  • 1 tilsett i teknisk-administrativ stilling med varamedlem utnemnd av universitetsdirektøren etter forslag frå fakulteta / Avdeling for lærarutdanning
  • 3 studentar med varamedlemmer utnemnde av rektor etter forslag frå Studentorganisasjonen i Agder

Representantar for tilsette ved UiA blir utnemnde for fire år. Studentrepresentantar blir utnemnde for eitt år.

Varamedlemmer for representant frå leiinga på kvart fakultet og Avdeling for lærarutdanning og for tilsett i teknisk-administrativ stilling er personlege. Varamedlemmer for studentane er ikkje personlege.

Observatørar:

  • Leiar for forskings- og innovasjonsutvalet til universitetet er observatør med talerett.
  • Leiar for UiA PULS er observatør med talerett.
  • Universitetsdirektøren, eller den ho/han myndiggjer, er sekretær for utvalet.

5. Tilgang til delegasjon

Utvalet kan delegera styresmakt til å gjera vedtak til leiaren i utvalet i følgjande saker:

  • Akkreditering og reakkreditering av ikkje-gradsgivande studiar
  • Godkjenning av studieplanar etter vesentlege endringar
  • Mindre endringar i skjema, målar osb
  • Mindre endringar i utfyllande reglar
  • Vedtak i enkeltsaker på vegner av universitetsstyret, med heimel i forskrift om studium og eksamen ved Universitetet i Agder og forskrift om opptak til studium og emne ved Universitetet i Agder
  • Endeleg vedtak i saker som har vore til behandling i utvalet
Publisert 10. mai 2024 - Sist endra 30. sep. 2025