– Det er ei stor glede for meg å ta imot prisen. På mange måtar bryt forskinga på Tsetlin-maskina med etablert kunnskap. Kvart framsteg blir drive fram av store mengder med prøving og feiling, kombinert med formidabel innsats frå dyktige studentar, stipendiatar og kollegaar, seier Granmo, professor og leiar for UiAs Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR).
Tsetlin-maskina er utvikla av Granmo og blei først lansert i 2018. Den har sidan fått internasjonal merksemd som ei logikkbasert og forklarbar tilnærming til kunstig intelligens (KI).
– I tillegg til alle dei gode kollegaane og studentane mine som har løfta fram Tsetlin-maskina til eit internasjonalt forskingsfelt, vil eg takka leiinga ved UiA for at dei har tort å satsa. Infrastruktur, reknekraft og dedikerte forskingsressursar har vore uvurderleg for å komma dit me er i dag, seier han.
Forskingsprisen vart delt ut av Agder Vitskapsakademi. Juryen grunngir prisen med at Tsetlin-maskina gjer det mogleg å skifte frå djuplæring til logikkbasert maskinlæring. Vidare seier juryen at det logiske resonnementet er lett å forstå og forklare, noko som gjer Tsetlin-maskina transparent.
Ifølgje juryen har arbeidet med denne løysinga hatt mykje å seia både innan forskarfellesskapen og i samfunnet elles som ein del av utviklinga av kunstig intelligens dei siste åra.
Berekraftig og demokratisk KI
Granmo peiker på at dagens kunstig intelligens står overfor tre grunnleggande utfordringar:
- eit enormt energiforbruk
- eit utrygt svart boks-tyanni der me overlèt avgjerder til system me ikkje forstår
- flytting av makt fordi teknologien blir kontrollert av få sterke kommersielle aktørar.
Granmo seier at målet heile tida har vore å utvikle eit transparent, energieffektivt og logisk alternativ som gir brukarar fullt innsyn, og som er lett å forstå og kontrollere.
– Slik kan me byggja KI som er meir berekraftig og demokratisk, seier han.
Fleire prisar delte ut
Agder vitskapsakademi delte også ut til forfattaren Jan Faye Braadland. Han fekk Sørlandet kompetansefonds formidlingspris for sin omfattande formidling av eiga og andres forskinga om Andreas Faye (1802-1869).
Forskingsprisen til yngre forskarar gjekk til tidlegare UiA-forskar Joseph Scales for forskinga hans på hebraiske og greske bibeltekstar.
Les meir om Scales sin forsking her
Dette er Tsetlin-maskina
- utvikla av professor Ole-Christoffer Granmo ved Universitetet i Agder
- lansert i 2018
- ikkje ei fysisk maskin, men ein maskinlæringsalgoritme, dvs. kode for kunstig intelligens
- bruker såkalla Tsetlin-automatar til å læra mønster gjennom logiske reglar
- forklarer korleis den tek ei avgjerd – i motsetning til tradisjonell djuplæring («svart boks»)
- stadfesta av forskarar verda over som enklare og meir presis enn såkalla djuplæring
- grøn teknologi eignar seg for energieffektiv maskinvare med svært lågt energiforbruk
- konkurransedyktig med djuplæring på ei rekkje oppgåver, inkludert klassifisering, tekstforståing og tale
- gratis og tilgjengeleg for alle – utvikla som eit ope alternativ til dei lukka systema til dei store teknologiaktørane
- del av den permanente utstillinga på Norsk Teknisk Museum