Det tredje universitetsstyremøtet i år blei halde som digitalt møte 6. mai. Møtet hadde færre saker enn vanleg, og sidan fleire styremedlemer har lang reiseveg, blei det gjennomført utan fysisk oppmøte.
Gjer studietilbod i psykososialt arbeid med barn og unge om til vidareutdanning
Styret vedtok å etablere ei tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge på 60 studiepoeng. Studiet har sidan 2007 vore drive av UiA på oppdrag frå Helsedirektoratet, men frå studieåret 2026–2027 fell den statlege finansieringa bort.
Fakultet for helse- og idrettsvitskap meiner behovet for kompetansen er minst like stort som før, og ønskjer å føre vidare tilbodet. Studiet skal tilbydast på deltid og vere samlingsbasert, med opptak av inntil 25 studentar annakvart år. Første kull blir planlagd hausten 2027.
Fakultet for humaniora og pedagogikk arbeider vidare med eit fellesgradsprogram i tolking og omsetjing i offentleg sektor, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen.
Styret stilte seg også positivt til dette, og endeleg etableringssøknad kjem til styret på eit seinare tidspunkt.
Samansett søkjarbilete
Søkjartala for hausten 2026 blei lagde fram for styret som orienteringssak. UiA har allereie skrive om dei overordna tala.
Biletet for UiA sine studietilbod er samansett.
Talet på førsteprioritetssøkjarar til UiA auka frå 6 327 til 8 007, ein vekst på 26 prosent. Veksten er i stor grad driven av to nye studiar: profesjonsstudiet i psykologi med 1 451 søkjarar til 45 plassar, og det nettbaserte årsstudiet i ansvarleg digitalisering med 612 søkjarar til 100 plassar.
Søkjartala viser tydeleg at fleksible og nettbaserte studiar rekrutterer godt og når nye målgrupper, samstundes som UiA ønskjer å bevare sterke campusstudiar, særleg for den yngste studentgruppa.
Meir enn halvparten av søkjarane er 21 år eller yngre, noko som viser at UiA framleis rekrutterer godt blant unge studentar.
Det er likevel bekymring for fleire fagområde, og fakulteta er bedne om å vere offensive i opptaksprosessen og fylle flest mogleg plassar.
Strammare tider krev langsiktig planlegging
Styret fekk også presentert UiA sitt langtidsbudsjett for perioden 2026–2030. Fakulteta og administrasjonen har arbeida systematisk med eigne langtidsbudsjett og forventingar.
Det samla budsjettet for UiA viser forventa negative årsresultat i heile perioden, i storleiksorden 45 til 62 millionar kroner per år. Dette er i stor grad planlagd bruk av oppsparte midlar i fakulteta.
Det nye psykologistudiet er også kostbart å starte opp, og universitetet arbeider framleis med ekstern finansiering av oppstartskostnadene.
Eit viktig poeng i diskusjonen var samanhengen mellom studenttal og økonomi. Ledige studieplassar gir direkte utslag i inntektene til universitetet, og studenttala er avgjerande for det økonomiske handlingsrommet.
Universitetet har oppsparte midlar som kan dempe effekten av eventuelle inntektssvingingar og gi tid til å finne gode løysingar. Merksemda rundt den økonomiske situasjonen og studenttala må likevel vere høg i dei komande åra.