UiA-studentar set digital fridom på europakartet

Forslag frå Studentorganisasjonen i Agder blir nå offisiell politikk i den europeiske studentrørsla: universitet og høgskular må ta betre kontroll over eigne data, digitale verktøy og digital infrastruktur. 

Bilde av STA-styret

STA-styret står saman om at norske universitet og høgskular må ta betre kontroll over eigne data, digitale verktøy og digital infrastruktur. 

Av Sissel Eikeland
Publisert 17. juni 2026 - Sist endret 17. juni 2026

– Det som kom som ein idé frå Kristiansand, er nå politikk for 20 millionar europeiske studentar. Det er stas å ha fått vere med på den prosessen, seier Magnus Ellefsen Moen, leiar i Studentorganisasjonen i Agder (STA).

Studentdata i amerikanske hender

Bilde av STA-leder Magnus Ellefsen Moen
Magnus Ellefsen Moen er leiar i Studentorganisasjonen i Agder (STA).

Saka dreiar seg om at universitet og høgskular i dag er avhengige av digitale verktøy og digital infrastruktur som i stor grad er eigd av amerikanske selskap. Ved UiA blir plattformar som Microsoft, Meta og Google brukt til mellom anna e-post, fillagring og annonsering.

For studentar betyr det at sensitive opplysingar og fagleg arbeid kan vere på servere kontrollert av aktørar utanfor norsk og europeisk jurisdiksjon.

– Vi meiner at det er viktig å sikre personvernet for studentane, og også den akademiske fridomen, seier Moen.

STA meiner spørsmålet om digital suverenitet ikkje er abstrakt teknologipolitikk, men noko som gjeld studentar direkte: Kven har eigentleg tilgang til det du leverer inn på eksamen?

Frå studentparlament til Europa

STA tok initiativet etter å ha følgt den europeiske debatten om digital suverenitet. Organisasjonen utarbeidde ein resolusjon som blei send til landsmøtet i Norsk studentorganisasjon (NSO). Der gjekk han gjennom nesten utan diskusjon.

– Det er kjempesjeldan at det skjer i det forumet, seier Moen.

Studentorganisasjonen i Agder (STA)

STA arbeider for studentanes faglege, sosiale og økonomiske interesser. Dette betyr til dømes at undervisninga skal vera av høg kvalitet. Det betyr også at ingen studentar på UiA skal kjenna på utanforskap eller mobbing, og at STA jobbar for at det skal vera mogleg å leva som heiltidsstudent på midlane frå Lånekassen. I tillegg tek STA vare på studentdemokratiet på UiA. STA-styret er valt av Studentparlamentet, og har ansvar for å gjennomføra politikken som parlamentet har vedteke.

Les meir om STA

Resolusjonen blei løfta vidare til det nordisk-baltiske studentsamarbeidet, og deretter inn i den europeiske studentorganisasjonen ESU. I starten av juni vedtok dei resolusjonen som ein del av programmet sitt for digitalisering og kunstig intelligens.

Ei amerikansk lov med europeiske konsekvensar

Bakgrunn for STA-engasjementet er den amerikanske lova CLOUD Act. Lova gir amerikanske styresmakter rett til å krevje at amerikanske selskap utleverer data, same kvar i verda dataane er.

I juni 2025 blei dette bekrefta då Microsofts juridiske direktør i Frankrike møtte det franske senatet. Under eid erkjente han at Microsoft ikkje kan garantere at data frå franske styresmakter er beskytta mot amerikanske krav.

Utdanningspolitisk ansvarleg i STA, Tørres Andreas Båshus følgde høyringa tett.

– Dei sa rett ut at CLOUD Act tvingar Microsoft til å utlevere data om ein fransk statsborgar lagra dokument på eit datasenter i Frankrike. Det er den juridiske verkelegheita vi lever i, seier han.

Bilde av STA-leder Magnus Ellefsen Moen og Utdanningspolitisk ansvarleg, Tørres Andreas Båshus foran pc-skjerm
STA tok initiativet etter å ha følgt den europeiske debatten om digital suverenitet. Her er STA-leder Magnus Ellefsen Moen og Utdanningspolitisk ansvarleg, Tørres Andreas Båshus. 

Krev politisk vilje frå UiA

STA oppfordrar UiA og andre utdanningsinstitusjonar til å greie ut opne alternativ og bruke stemma si i nasjonale og europeiske fora. Frankrike er allereie i gang med å byte ut programvare for to millionar offentleg tilsette.

– Det er lite UiA får gjort aleine. Men UiA må tore å ta til orde for dette, seier Moen.

Bak seg har STA 14 000 studentar ved UiA og 200 000 gjennom Norges studentorganisasjon (NSO).

– Det gjeld å vere føre var. Om det verkeleg skjer noko alvorleg, då er det for seint, seier Båshus.