English version of this page

UiA-forskar i nasjonal FN-komité for havforsking

Stipendiat Johanna Marcussen skal vere Universitetet i Agder sin representant i Nasjonalkomiteen for FNs havforskingstiår.

Foto av Johanna Marcussen ombord på forskningsfartøy

– Det er veldig stas å få lov til å vera med. Det er ei offentleg anerkjenning av kompetansen og engasjementet mitt for havet, siger UiA-stipendiat Johanna Marcussen. (Foto: UiA)

Av Walter Wehus
Publisert 29. okt. 2025 - Sist endret 30. okt. 2025

– Eg ser fram til å vera ein ambassadør for dette viktige tiåret, og vil halda fram med å bruka alle høve til å framja havbegeistring og -forståing i Noreg, seier Johanna Marcussen.

Ho er stipendiat ved UiA og Havforskingsinstituttet (HI), der ho forskar på kystnære artar som krabbe, flatøsters og hummar.

I haust vann Marcussen formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix med eit foredrag om korleis fritidsfiskarar påverkar hummarbestanden i Noreg.

Skal framja begeistring for havet

Nasjonalkomiteen vart etablert i 2021 for å driva fram Noregs innsats i FNs havforskingstiår. Medlemmer i komiteen representerer forskingsmiljø, næringsliv, offentleg forvaltning og frivillige organisasjonar.

Det første møtet for den nye samansetninga av komiteen fann stad fredag 24. oktober. Marcussen påpeikar symbolikken i at det møtet fall på FN-dagen.

– Dagen markerer internasjonalt samarbeid og felles ansvar, og det er nettopp det som må til for at vi skal nå berekraftsmåla, seier ho.

Relevant forsking

Komiteen har peika ut ti fokusområde der Noreg kan bidra til å nå tiårest mål. Blant desse er klimasamspel, heilskapleg havforvaltning, sunn og trygg sjømat og auka havforståing.

Kystforskinga på UiA treffer mange av desse områda. På Agder har forskarar på UiA og Havforskingsinstituttet jobba med havet i fleire tiår. Dei har studert alt frå tareskog til torsk, ål og ålegrasenger og samspelet langs kysten.

– Denne forskinga er sjølve fundamentet for kunnskapsbasert kystforvalting, slik at barna og barnebarna våre også kan få moglegheit til å nyta juletorsk, jakta på hummar, eta østers, og pusta inn rein sjøluft, siger Marcussen.

Havforskningstiåret varar til 2030.