Det britiske overhuset ønskjer å lære av norsk fengselsvesen. Denne veka møtte justiskomiteen i House of Lords UiA-forskar Kristian Mjåland, som delte erfaringar frå det norske fengselssystemet.
– Dei var veldig interesserte i å lære frå Noreg, samtidig som dei var realistiske på at dette er to heilt ulike land, seier Mjåland.
Mjåland vart invitert til høyringa gjennom kollegaene sine ved University of Cambridge. Dei har han samarbeidd med ved fleire høve.
I England gjennomfører justiskomiteen for tida ei omfattande høyring om fengselsforhold, fengselsleiing og fengselskultur.
Du kan sjå opptak av høyringa her.
Store forskjellar mellom landa
Under høyringa trekte Mjåland særleg fram to forskjellar mellom det norske og engelske fengselssystemet: bruken av opne fengsel og utdanninga av fengselsbetjentar.
– Noreg har langt færre innsatte per 100 000 innbygger enn England. Vi bruker opne fengsel i stor grad, medan få innsatte i engelske fengsel får høve til å sone i slike institusjoner. For innsette med korte dommar er forskjellen særleg stor, seier Mjåland.
Opne fengsel gir betre moglegheiter for å førebu tida etter soning.
– Det er lettare å halde kontakten med familie og venner, gå på jobbintervju eller finne ein stad å bu. Opne fengsel produserer mindre menneskeleg liding, er billigare å drifte, og dei er ikkje politisk omstridde i Noreg.
Solid utdanning gir betre fengsel
Den andre store forskjellen Mjåland framheva var den norske modellen for utdanning av fengselsbetjentar.
– I Noreg har vi ei toårig utdanning med både teori og praksis. Når dei er ferdige, får betjentane ei anstendig lønn og har gode fagforeiningar. Dette er ein respektabel jobb i Noreg, seier Mjåland.
Til samanlikning får britiske fengselsbetjentar berre 8-12 vekers opplæring. Den grundige norske utdanninga gir ifølgje Mjåland meir kompetente tilsette og betre relasjonar mellom betjentar og innsette.
Høyringa kjem på eit tidspunkt då det britiske fengselsvesenet står overfor store utfordringar, med overfylte fengsel, høg førekomst av vald og problem med rus. Særleg fenglsene for kortare soning er i dårleg forfatning, og det er stor utskifting av tilsette.