Universitetet i Agder (UiA) har fått nær 1,8 millionar kroner frå Noregs forskingsråd til prosjektet “Oppskalering av tidlegfase teknologioverføring”.
– Innovasjon er ein sentral del av UiAs samfunnsoppdrag, og denne støtta gir oss endå betre føresetnader for å vere ei drivkraft for berekraftig utvikling og verdiskaping, både regionalt og nasjonalt.
Det seier Kristina Walker-Nordlöf, teamkoordinator og senior innovasjonsrådgivar ved UiA.
Gjennom prosjektet skal UiA styrkje innovasjonstenesta ved universitetet, byggje kompetanse innan forskingsbasert innovasjon og ytterlegare styrke samarbeidet mellom fagmiljøa og innovasjonstenesta.
– Tildelinga gjer at vi kan tilby endå fleire og betre innovasjonstenester til våre tilsette, og bidra til at forskingsbaserte idear frå UiA blir vidareutvikla og skaper verdi for samfunnet, seier Walker-Nordlöf.
Forskingrådets støtte til kommersialisering skal bidra til auka kommersiell bruk av offentleg finansiert forsking. Og interessa for nyskaping frå forsking er stor. Totalt fekk Forskingrådet inn 34 søknader frå 40 forskingsorganisasjonar.
– Noreg har solide forskingsmiljø, som har idear og resultat med stort potensial for verdiskaping. Regjeringa har jobba for at offentlege løyvingar til forsking og utvikling i større grad blir omset til verdiar og arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig for norsk konkurransekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel i ei pressemelding.