– Målet med boka er å inspirere barn til å spele i orkester, dra på konsertar og utforske orkesterverda, seier Anne Haugland Balsnes.
Saman med Cecilie Halvorsen har ho laga Orkesterboka, ei faktabok for barn i alderen 9–13 år gitt ut av Cappelen Damm. Med illustrasjonar av Tiril Valeur gir boka både musikkinteresserte og nybyrjarar eit innblikk i orkesterlivet.
Boka vart laga på initiativ frå De unges orkesterforbund (UNOF), som feirar 50 år i 2024.
Behov for fleire læremiddel
Cecilie Halvorsen underviser pianoelevar ved kulturskulen. Ho meiner det er eit stort behov for fleire musikkressursar på norsk for barn.
– Det er overraskande lite faglitteratur om musikk for barn, bortsett frå lærebøker for instrument. Dette er ei utfordring i arbeidet mitt som kulturskulelærar, seier ho.
Halvorsen har brukt mykje tid på å tilpasse materialet til elevane sine, så då UNOF tok kontakt med ideen om ei bok for barn, vart ho veldig interessert.
Barnas spørsmål
I tillegg til å forklare kva eit orkester er, ønskte Balsnes og Halvorsen å gi eit innblikk i korleis det er å jobbe i eit orkester. Dei intervjua fleire musikarar og dirigentar, med spørsmål laga av barn.
– Noko som er sjølvsagt for oss vaksne, er ikkje alltid det for barn. Eit av spørsmåla dirigenten fekk var til dømes: «Er dette den eigentlege jobben din, eller har du ein annan skikkeleg jobb?», seier Halvorsen.
Barna lurte også på ting som «Korleis veit du korleis du skal bevege dirigentpinnen?», og «Kva skjer viss nokon speler feil?»
Personlege historier
Forfattarane har også snakka med musikarar om kvifor dei valde instrumentene sine.
– Andreas Bratland frå Kringkastingsorkesteret fortalde at han ville spele tuba etter å ha sett Jul i Skomakergata, der skomakar Andersen speler tuba, seier Balsnes.
Ho seier det har vore verdifullt å bruke sitat frå barn som speler ulike instrument.
– Nokre av dei har utruleg treffande formuleringar. Til dømes Daniel på 9 år som sa at «fagotten høyrest litt ut som eit skip.»
Barn som konsulentar
For å tilpasse språket har Balsnes og Halvorsen også brukt barn som konsulentar. I starten fekk dei høyre at tekstane var kjedelege, så dei jobba mykje med å finne ut korleis dei kunne gjere teksten meir engasjerande.
– Vi lærte etter kvart kva som fangar merksemda til barna. Noko må forenklast, medan andre ting kan utdjupast. Vi har brukt mykje tid på å finne beskrivande og morosame måtar å formidle stoffet på, seier Balsnes.
Boka inneheld også faktaboksar og lytteoppgåver for å aktivisere lesarane. Ho kjem dessutan ut som lydbok, og Halvorsen trur det gjer at boka når endå fleire barn.
– Musikk handlar om lyd, så Orkesterboka passar veldig godt som lydbok. Vi gler oss til å nå ut til eit breiare publikum på denne måten.