Styrkar kunnskapssamarbeidet mellom politiet og UiA

Agder politidistrikt og Universitetet i Agder har inngått ein samarbeidsavtale der dei to verksemdene forpliktar seg å jobbe saman på utvalde område.

To leiarar har signert ein avtale og gir kvarandre handa.

Politimeister Kjerstin Askholt og rektor Sunniva Whittaker.

Av Øivind Dagsvik Eskedal, kommunikasjonsdirektør
Publisert 18. feb. 2025 - Sist endret 18. feb. 2025

Avtalen vart underteikna i Mandal 14. februar av politimeister Kjerstin Askholt og rektor Sunniva Whittaker.

Målet med avtalen er å saman bidra til berekraftige og kunnskapsbaserte tenester til befolkninga på Agder.

– Politiet har veldig relevante fagområde for universitetet. Dei kan gi praktisk erfaring for studentar innanfor fleire område, og utvikle ny kunnskap saman med både studentane og våre fagmiljø, seier rektor Sunniva Whittaker.

– Vi lever dessverre i ei verd der beredskap og tryggleik blir eit stadig viktigare område. Desinformasjon er også ein av dei store truslane. Som universitet skal vi utvikle kunnskap som skal både støtte og utfordre politiet i utviklinga av arbeidet sitt, seier Whittaker.

Samling av ledere fra politiet og UiA.
I 2024 vart det avholt fleire møte mellom leiingane i politiet og på universitetet. Her frå då UiA arrangerte draumedag for politiet, der dei fekk ein introduksjon til nokre av universitetets særleg politi-relevante fagmiljø.

Frå praksis til forsking og nyskaping

Det skjer allereie samarbeid mellom verksemdene på fleire område der partane har samanfallande interesser, men no blir dette formalisert og styrkt.

– Formålet med samarbeidsavtalen er å styrkje institusjonane våre og regionen gjennom strategisk samarbeid og målretta utviklingsarbeid. Dette er svært positivt, og vi ser fram til eit vidare godt samarbeid i åra som kjem, seier politimeister Kjerstin Askholt.

Politiet og UiA skal mellom anna samarbeide gjennom:

  • Praksis for UiA-studentar
  • Vidareutvikling av relevante studieprogram
  • Utvikling av etter- og vidareutdanningstilbod
  • Forsking, nyskaping og faglege og kunstnariske utviklingsprosjekt
  • Formidling av kunnskap

Arbeidet skal no gjerast konkret i ein felles handlingsplan. Avtalen strekk seg i første omgang ut 2028.