Studentar vann pris for demensprosjekt

Lene Graver og Ann-Charlott Borge Vik-Nystad starta ein demenskafé som ein del av vidareutdanninga si. Nyleg vann dei Linda Buettners praksispris for arbeidet.

Bildet viser Ann-Charlott Borge Vik-Nystad og Lene Graver.

Fra venstre: Ann-Charlott Borge Vik-Nystad og Lene Graver jobber begge ved Plankemyra bo- og omsorgssenter i Arendal. Foto: Privat

Av Magnus Nødland Skogedal
Publisert 5. juni 2025 - Sist endret 5. juni 2025

–  Me vart overraska over å få prisen, for det var mange gode kandidatar. No har me fått pengar til å kunna driva tilbodet vårt vidare, og det er me veldig takksame for, seier Ann-Charlott Borge Vik-Nystad.

Ho og medstudent Lene Graver jobbar ved Plankemyra bu- og omsorgssenter i Arendal, og begge har erfaring med å jobbe med menneske med demens. Som ein del av vidareutdanninga i demensomsorg skulle dei gjennomføra eit kvalitetsforbetringsprosjekt. Slik utvikla dei tilbodet Forglemmegei.

– Det er ein demenskafé med grupper på inntil fem personar. Me har teke utgangspunkt i interessene deira, og gir dei små aktivitetar som er lette å gjennomføra. Målet er å gi glede og meistring, seier Graver.

Universitetet i Agder tilbyr tre videreutdanninger innen demensomsorg:

Betre med mindre grupper

Dei har erfart at demente reagerer dårleg på aktivitetar som involverer mange menneske. Det kan vere for mykje støy, for mange inntrykk, og det skaper ein del uro hos personar med demens i etterkant. Derfor sette dei som mål å skapa aktivitetar i rolege omgivnader, med ei mindre gruppe som har same interesser.

Bildet visar Lene Graver og Ann-Charlott Borge Vik-Nystad.
Vinnarane vil jobba vidare med demenskafeen. Foto: Privat

– Dei som bur hos oss har fylt ut eit skjema om livshistoria deira. Der står noverande og tidlegare interesser, og dette vart også kartlagt undervegs. Så me har hatt gode føresetnader for å laga aktivitetar basert på interessene til bebuarane, seier Vik-Nystad.

Prisen dei har fått heiter Linda Buettners praksispris, og den vart gitt til gode tiltak for personar med demens.  

Dei har hatt tre samlingar til no. To med hagearbeid som tema, og ein med fokus på dyr. Førebels har samlingane gitt gode resultat.

Vil gjera meir

– Vidareutdanninga gav oss høve til å starta med dette, og no skal me driva det vidare. Det var inspirerande å vera student igjen, med flinke forelesarar og gode fagsamtalar. Me kan absolutt tilrå vidareutdanninga i demensomsorg, seier Graver.

Linda Buettner var ein amerikansk professor i rekreasjonsterapi, og ein føregangsfigur for positive aktivitetar i kvardagen for personar med demens. Praksisprisen vart delt ut av Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling, forkorta SESAM, under dei årlege SESAM-dagane. Prisen består av 15.000 kroner.

– Pengane gir oss gode moglegheiter for å gjera meir. Me har nokon tankar om å besøkja bondegardar eller kjøpa inn eit drivhus. Det er stor stas å sjå at fagmiljøet ser viktigheita av arbeidet, og gøy at noko slikt kunne komma frå ei vidareutdanning, seier Vik-Nystad.