Professor Sandra Louise Halverson får UiAs språkpris, mens førsteamanuensis Heidi Esma Dahl Bønnhoff får Utdanningsprisen.
Populært studieprogram
– Det er fint at min kreativitet og vilje til å gjere endringar og ligge i forkant, blir verdsett. Det er viktig at vi fangar opp ting som må endrast, og at vi bruker både tilsette og studentar til å utvikle studiet vidare saman, seier Bønnhoff.
«Heidi Esma Dahl Bønnhoff har over tid arbeidd målbevisst og systematisk med utvikling av bachelorprogrammet i sosialt arbeid, noko som har bidradd til både fagleg fornying, samarbeid på tvers av profesjonsutdanningar og utvikling av nye undervisingsformer», skriv juryen i grunngivinga si.
Bachelorprogrammet i sosialt arbeid er eit av dei mest populære ved UiA, ifølgje Studiebarometeret, og dei høge søkartala førar med seg høgt motiverte og kvalifiserte studentar.
Her kan du lese heile grunngivinga frå prisutvalet
«Prisutvalet er av den oppfatning at nominasjonen av studieprogramleiar Heidi Esma Dahl Bønnhoff er svært velgrunna. Fakultet for samfunnsvitskap beskriv på ein grundig og tydeleg måte ein kandidat til utdanningsprisen som over tid har arbeidd målbevisst og systematisk med utvikling av bachelorprogrammet i sosialt arbeid, noko som har bidradd til både fagleg fornying, samarbeid på tvers av profesjonsutdanningar og utvikling av nye undervisingsformer.
Med tilvising til Studiebarometeret dokumenterer fakultetet korleis bachelorprogrammet i sosialt arbeid over år har skåra svært godt blant studentane. Programmet er eit av dei mest populære ved UiA, og den høge søkninga gir ei studentgruppe med høgt motivert og kvalifiserte studentar. Det er vurderinga frå prisutvalet at bruken av tal frå Studiebarometeret som illustrasjon av oppnådde resultat styrker nominasjonen.
Studieprogram ved UiA skal minimum kvart sjette år gå gjennom periodisk programevaluering. Bachelorprogrammet i sosialt arbeid gjekk gjennom slik evaluering i 2023. Ei svært grundig evaluering resulterte i omfattande revisjonar av studieplanen og også i tettare samarbeid med femårig masterprogram i barnevern. Under Bønnhoffs leiing innebar revisjonsprosessen ei kartlegging av ekspertiseområda i fagmiljøet, for slik å legge til rette for at kvar enkelt faglærars kompetanse kjem betre til syne i undervisinga og for å få til ei tettare kopling mellom forsking og undervising. Det er vurderinga frå prisutvalet at den prosessen som blei gjennomført i etterkant av programevalueringa verkar særs grundig, og den illustrerer på ein god måte det langvarige kvalitetsarbeidet i programmet. Prisutvalet meiner også at arbeidet illustrerer Bønnhoffs styrkar som individ, leiar og pedagog - og hennar vilje til å legge ned ein ekstra innsats.
Sterke og gode studieprogram er grunnleggande viktig for universitetet. Prisutvalet understrekar at dette er noko som ikkje gjer seg sjølv. Høg kvalitet i studieprogram er resultat at hardt, langsiktig og kontinuerleg arbeid. I nominasjonen beskriv fakultetet for samfunnsvitskap korleis Bønnhoff har lagt til rette for utvikling av bachelorprogrammet ved å integrere ny teknologi, nye tema og nye undervisingsformer. Ho har også inkludert studentane i arbeidet på ein god måte. Det er vurderinga frå prisutvalet at Bønnhoffs arbeid på ein god måte illustrerer korleis ein kan jobbe med kvalitet knytt til utdanning.
Bønnhoffs breie fokus – både internt mellom programma på instituttet og overfor partnarar eksternt – bidrar til meir vekt på tverrfaglegheit, noko som er i tråd med nasjonale ambisjonar om meir tverrprofesjonell samarbeidslæring. Dette blir kombinert med god forståing for fagområdet. Bønnhoff er også opptatt av korleis studentane kan bruke eigne erfaringar inn i sosialt arbeid på ein profesjonell måte, og bruker tid på grenseoppgangane mellom eigenerfaring og profesjonalitet. Vidare får studentane høve til å treffe erfaringskonsulentar innanfor rus og psykisk helse, og dette er noko studentane verdset. Slik prisutvalet ser det, vektlegg Bønnhoff læringa til studentane og sørger for å gjere tydeleg og aktualisere læringsutbyttet deira.
Det er oppfatninga frå prisutvalet at tildeling av utdanningsprisen 2026 til Heidi Esma Dahl Bønnhoff kan inspirere breitt i organisasjonen. Alle studieprogramma til universitetet skal ha ein studieprogramleiar, og Bønnhoffs arbeid i denne rolla kan vere eit eksempel til inspirasjon og etterfølging for andre som sit i tilsvarande eller liknande posisjonar.
Prisutvalet er av den oppfatning at fakultetet for samfunnsvitskap i nominasjonen sin beskriv ein eksemplarisk studieprogramleiar. Heidi Esma Dahl Bønnhoff verkar for prisutvalet som ein verdig vinnar av Utdanningsprisen 2026.»
Breitt engasjement for norsk fagspråk
Språkprisen går til eit fagmiljø eller enkeltpersonar som har markert seg når det gjeld arbeid med å halde ved like og/eller utvikle terminologi og fagspråk på norsk, skrive lærebøker på norsk eller på andre vis har markert seg når det gjeld framifrå formidling på norsk.
Prisen er på 50.000 kroner, og blir delt ut av det språkpolitiske utvalet til universitetet. Prispengane skal brukast til tiltak som kan bidra til vidare godt arbeid med fagspråk og/eller terminologiarbeid i vid forstand.
I år blir prisen tildelt til Sandra Louise Halverson, «for dei målretta arbeida hennar med å utvikle og styrke norsk som fagspråk innan omsettings- og tolkeforsking, og for det breie engasjementet sitt for norsk fagspråk og fleirspråkligheit i akademia og i samfunnet.»
– Det er ei veldig stor glede å bli sett å få denne anerkjenninga. Det er lite fagmiljø, og spesielt gledeleg at arbeidet blir lagt merke til seier Halverson.
Sandra Louise Halverson er professor i omsetting og fagspråkleg kommunikasjon på UiA. Ho er også studieprogramleiar for Masterprogrammet i omsetting og fagspråkleg kommunikasjon.
Utdanningsprisen blir delt ut årleg til ein person eller eit miljø som har markert seg positivt for læringsmiljøet og/eller studiekvaliteten ved UiA. Prisen er på 100.000 kroner og skal oppfattast som ei tydeleg påskjøning til arbeid som bidrar til nyskaping og utvikling.
Tidlegare vinnarar av Utdanningsprisen
- 2025: Apostolos Spanos ved Institutt for religion, filosofi og historie
- 2024: Anne Opsal ved fakultetet for helse- og idrettsvitskap
- 2023: Line Føreland og Tom Flaten ved fakultetet for humaniora og pedagogikk
- 2022: Undervisingsverkstaden ved Avdeling for lærarutdanning
- 2021: Bjørge Herman Hansen ved fakultetet for helse- og idrettsvitskap
- 2020: Ph.d..-spesialiseringa i informasjonssystem ved fakultetet for samfunnsvitskap
- 2018: Arngrim Hunnes og Torunn S. Olsen ved Handelshøyskolen ved UiA
- 2017: Jørn Hustad ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap
- 2016: Reidun Renstrøm ved Institutt for naturvitskapslege fag
- 2015: Agnes-Margrethe Bjorvand ved Institutt for nordisk og mediefag
- 2014: Jørn Schau ved Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk
Tidlegare vinnarar av Språkprisen
- 2025: Grete Vabo for arbeidet sitt med språk i sykepleiarutdanninga.
- 2024: Miljøet bak Vitensporten for arbeidet sitt med populærvitskapslege tekstar om fagfelta idrett, kroppsøving og fysisk aktivitet.
- 2023: Reidun Renstrøm for boka Innføring i fysikk (2020, Universitetsforlaget), gitt ut saman med Therese Renstrøm.