Skulebarn planta blomstereng på campus

Elevar frå Fagerholt skule besøkte Campus Kristiansand for å så frø, plante blomstrar og lære meir om biologisk mangfald.

Barn som jobber med å plante i blomsterenga

Markus Møller Andersen og dei andre elevane frå Fagerholt skule plantar si eiga blomstereng på campus.

Av Walter Wehus, Saara Ojanen (foto)
Publisert 3. sep. 2024

– Plantar som veks i blomsterenger treng lite næring, seier Kaisa Ervik frå Norsk botanisk foreining. 

Ho sit på huk framfor ei gruppe skuleelevar på plenen utanfor UiAs Campus Kristiansand.

– Er det nokon av desse blomstrane som ser kjent ut? spør ho og held opp ein plansje.

Elevane pip ut: Blåklokke! Prestekrage! Raudknapp! før Ervik trekkjer fram ein bamse som ser ut som ei bie til stor latter.

– Er det berre humler og biar som pollinerer blomstrar? spør ho.

– Sommarfuglar, seier ei jente.

Foto av jente i blomsterbedet
Eg liker å jobbe i hagen. Det er gøy å sjå korleis det blir, og så hjelper vi naturen, seier Helene Gundersen Ødland, som har tulipan som favorittblomst.

Barnas blomstereng

Det er ikkje mange sommarfuglar å sjå i regnet denne tredje dagen i september. 

Men naturen skal få hjelp av rundt 70 elevar frå femte- og sjetteklasse på Fagerholt skule. Dei skal vere med å så frø og plante blomstrar på eit område utanfor hovudinngangen til UiAs Campus Kristiansand.

Plantinga og undervisinga er ein del av prosjektet Barnas blomstereng, leia av Norsk botanisk foreining. 

– Barna får lære om korleis vi kan ta vare på naturen rundt oss og kvifor det er viktig. Dette er ein fin måte å undervise i naturfaglege tema, og ikkje minst får barna hendene i jorda, seier Ervik.

I etterkant er det skuleklassen sjølv som passar på enga og følgjer med på korleis ho veks.

Foto av barna som tråkker ned frøene i jorda
Etter at frøa er sådde, må dei trampast godt ned i jorda. Elevane dannar eit tog med Kaisa Ervik frå Norsk botanisk foreining i front.

Biologisk mangfald på campus

UiA jobbar for å bevare og fremje biologisk mangfald på campus Kristiansand. Det prosjektet er leia av UiAs Institutt for naturvitskaplige fag og Naturmuseet. Her siktar dei mot å styrkje UiAs bidrag til FNs berekraftsmål gjennom konkrete tiltak for biologisk mangfald. 

– Å sikre biologisk mangfald på campus er viktig. Det støttar både undervisning og forsking, bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø, og styrkjer samfunnskontakten ved å involvere lokalbefolkninga i bevaringstiltak, seier UiAs miljørådgivar Katharina Reionn Bjørnestøl.

Ho trekkjer fram korleis campusområda fungerer som verdifulle klasserom utandørs og bidreg til å formidle kunnskap om naturen.

– Samtidig er eit artsrikt miljø på campus gunstig for helse og trivsel, og fremjar UiAs mål om berekraftig utvikling som ein del av satsinga på det grøne skiftet, seier ho.