English version of this page

Nytt prosjekt skal auke nordmenns kunnskap om Ukraina

Med nærare 1,8 millionar kronar i støtte skal Universitetet i Agder sørgje for at noverande og framtidige leiarar veit meir om Europas nest største land.

Foto frå den ukrainske byen Mykolaiv.

I prosjektet skal mellom anna ungdommar frå Mykolaiv (biletet) i Ukraina besøke vennskapsbyen Kristiansand. (Foto: iStockphoto)

Av Walter Wehus
Publisert 9. des. 2025 - Sist endret 16. des. 2025

– Folk i Noreg veit ikkje så mykje om Ukraina, om EU eller om europeisk integrasjon. Med dette prosjektet ønskjer vi å bidra til å auke denne kunnskapen.

Det seier Anne Pintsch, som er førsteamanuensis på Institutt for statsvitskap og leiingsfag ved Universitetet i Agder. Ho har nyleg fått 1,79 millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å gi oss meir kunnskap om Ukraina.

Foto av Anne Pintsch
Anne Pintsch har teke ei doktorgrad på relasjonen mellom EU og Ukraina, og arbeidd med tematikk knytt til landet i nærare 20 år.

Tildelinga er ein del av direktoratet sitt program for Ukraina-kompetanse. Programmet skal setje norske aktørar betre i stand til å bidra til ukrainsk motstandskraft og gjenreising. Det skal også bidra til at det norske samfunnet lærer av dei ukrainske erfaringane.

Tredelt program

– Noreg har lang erfaring med å samarbeide med EU. Det er relevant for Ukraina, som på vegen til eit medlemsskap må inngå i liknande former for integrasjon som Noreg allereie har etablert med unionen, seier Pintsch.

Prosjektet har tre delar.

I den første delen skal UiA utvikle to etter- og vidareutdanningskurs om Ukraina på 2,5 studiepoeng. Desse skal rette seg mot leiarar og tilsette i norsk offentleg sektor. Det blir også ekstra forelesingar om landet for dei som tek master i leiing.

I den andre delen blir det gjesteforelesingar om Ukraina på fleire andre av UiAs studieprogram. I tillegg blir det arrangert digitale utvekslingar mellom UiA-studentar og ungdommar frå Kristiansands vennskapsby Mykolaiv i Ukraina.

I ein tredje del kjem ein ungdomsdelegasjon frå Mykolaiv til Kristiansand i mai. Dei vil då møte UiA-studentar og andre ungdommar under Demokrativeka, KRS European Youth Forum og Europakonferansen. Det vil vere fleire andre arrangement med Ukraina som tema.

Kan lære av Ukraina

– Vi håpar at dette vil bidra til at fleire her til lands får meir kunnskap om Ukraina, den demokratiske utviklinga i landet, og prosessen med EU-medlemsskap for Ukraina, seier Pintsch.

Ho ser også fram til at ungdom frå Kristiansand får jobbe saman med jamaldrande frå Ukraina.

– Dagens unge generasjon kjem til å vere leiarar om 15-20 år, og vi håpar dei kan knyte nettverk og styrkje kontaktane sine med Ukraina, seier forskaren.

Pintsch fortel at det er mykje Noreg kan lære frå Ukraina.

– Særleg når det gjeld demokratiet sine kår i krisetider, og korleis ukrainarane har jobba for å skape demokratiske prosessar i ein vanskeleg situasjon.

Prosjektet starta 1. desember i år, og varer til desember 2027.