Avtalen vart underteikna i Kristiansand 2. juni av regiondirektør Øystein Stokvold og rektor Sunniva Whittaker.
Bufetat har ansvar for det statlege barne- og familievernet, og er underlagt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Bufetat Region Sør dekkjer fylka Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder.
Forsking, utvikling og god praksis
Formålet med avtalen er å fremje felles fagleg utvikling og forsking, samarbeid om undervisning, og gode samarbeidsformer mellom partane.
– Bufetat arbeider på mange felt der UiA har solid forskingskompetanse. Saman kan vi sikre ei kunnskapsbasert tilnærming til barnevernsfeltet. Studentar kan få praktisk erfaring innanfor fleire område, seier rektor Sunniva Whittaker.
– UiA har utdanning og forsking på mange av våre fagområde. Eit slikt samarbeid gir oss ein nyttig dialog- og sparringspartnar, der vi saman kan utvikle både den teoretiske forståinga og det praktiske arbeidet innanfor feltet. UiA er òg viktig som utdanningsinstitusjon for våre framtidige medarbeidarar, seier regiondirektør Øystein Stokvold.
Bufetat og UiA skal mellom anna samarbeide gjennom:
- Vidareutvikling av relevante studieprogram
- Praksis for UiA-studentar
- Forsking og utvikling
- Gjensidig bidrag til undervisning og foredrag
Det blir no oppretta eit felles samarbeidsorgan som skal følgje opp formålet og samarbeidsområda i avtalen. Avtalen gjeld i første omgang ut 2030.