Prisen blir tildelt personar som på ein fortenestefull måte har prega norsk sosiologi eller norske sosiologar som har markert seg internasjonalt.
Repstad blir beskriven av priskomiteen som ein sosiologisk entreprenør, både i Noreg og internasjonalt. Han har vore sentral i oppbygginga av det sørlandske sosiologimiljøet og har gitt vesentlege bidrag til etableringa av religionsstudiar som sosiologisk fagfelt.
78-åringen er framleis ein aktiv forskar. I løpet av det siste året har han publisert ei rekkje vitskaplege arbeid, kronikkar og bokmeldingar. Han gav nyleg også ut femte utgåve av den anerkjende metodeboka Mellom nærleik og distanse – kvalitative metodar i samfunnsfag.
Repstad har vore knytt til UiA (dåverande Agder distriktshøgskule) sidan 1979, og var professor i religionssosiologi frå 1999 fram til han vart pensjonist i 2017. Fagbøkene hans er omsette til sju språk, og han vart i 2010 utnemnd til æresdoktor ved Uppsala universitet.
Gjennom karrieren har Repstad rettleidd 26 doktorgradsstudentar og vore ein viktig brubyggjar mellom teologi og sosiologi. Han har også hatt sentrale verv i Noregs forskingsråd og var redaktør for Nordic Journal of Religion and Society i over ti år.
"Å lese Pål Repstad er som å bruke ein god barberhøvel. Det er såpass behageleg at ein ikkje merkar kor skarpt det faktisk er," skreiv ein av dei som nominerte han til prisen.