English version of this page

Ny plan for karriereutvikling av vitskapleg tilsette

Universitetsstyret har også godkjent rapportar frå 2025, tildelt rekrutteringsstillingar og det UiA ønskjer å bli målt på av Kunnskapsdepartementet dei neste fire åra.

Universitetsstyret samlet på Campus Kristiansand.

Universitetsstyret samla på Campus Kristiansand.

Av Øivind Dagsvik Eskedal, kommunikasjonsdirektør
Publisert 11. mars 2026 - Sist endret 11. mars 2026

Styret var samla i to dagar 10. og 11. mars ved Campus Kristiansand. Første dag gjekk med til dialog med alle seks fakulteta.

Dei ulike fakulteta blei blant anna utfordra på korleis dei jobbar med kunstig intelligens og arbeidslivsrelevans, og korleis styret kan bidra til utvikling av fagmiljøa.

Plan for karriereutvikling

UiA har tydelege strategiske mål om kvalitet og utvikling av dei tilsette til universitetet.

Dette blir følgt opp med ein eigen handlingsplan for karriereutvikling for vitskapleg tilsette fram mot 2036. Denne skal bidra med heilskap og systematikk i arbeidet.

Planen har vore på høyring hos fakulteta, og blei vedtatt som foreslått med berre mindre endringar, blant anna etter innspel frå arbeidstakarorganisasjonane.

I planen er det definert eigne mål og tiltak for dei ulike stillingskategoriane blant vitskapleg tilsette, og dessutan vitskaplege leiarar.

Vitskaplege stillingar ved Universitetsbiblioteket følgjer andre karriereløp, og skal følgast opp utanfor handlingsplanen.

Sju rekrutteringsstillingar fordelte

Universitetsstyret har kvart år nokre strategiske midlar som går til såkalla rekrutteringsstillingar, doktorgradsstipendiatar og postdoktorar.

Tildelingane blir prioriterte ut frå nokre faste kriterium, og dei sju stillingane blei denne gongen fordelte slik:

  1. Psykologi
  2. Kunstnarisk innovasjon og kreativitet i møte med teknologi i tilknyting til UiAs deltaking i KI-senteret MishMash
  3. Innovativ kystforsking med kystsoneobservatorium
  4. Universitetssjukeheimar
  5. Tematikken «Hellige skrifter og autoritative tekster»
  6. Marie Sklodowska-Curie Actions Post Doc «FreAge»
  7. Marie Sklodowska-Curie Actions Post Doc «UQDOM»

Foreslår tre mål for vidare styring av UiA

Universitetet skal i haust inngå ein ny utviklingsavtale mellom Kunnskapsdepartementet og UiA. Avtalen skal prege utviklinga av universitetet i åra 2027-2030.

Det er universitetet som startar arbeidet med å sende inn eit første utkast, som departementet så skal kome med tilbakemeldingar på.

Dei tre måla UiA foreslår å bli målte på i perioden, er om:

  1. UiA er universitetet til studentane og utdannar kandidatar som deltar aktivt i demokratiet og bidrar i eit arbeidsliv i rask omstilling
  2. UiAs fagmiljø har forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og skaper verdifulle samfunnsbidrag
  3. UiA gjer høgare utdanning attraktivt og tilgjengeleg for fleire

Det er berre mindre endringar i det forslaget som blei lagt fram for universitetsstyret, og kan lesast i sin heilskap i styredokumenta.

Set av pengar til investeringar

Om ein les UiAs rekneskap for 2025 raskt, ser det ut til at UiA har brukt for mykje pengar i 2025. Nærmare bestemt 40 millionar kroner er oppførte som meirforbruk.

Men om ein tek med at det er overført 185 millionar kroner frå inntektssida til seinare investeringar, ser ein at det er god kontroll på økonomien ved UiA. Desse kjem inn i resultatrekneskapen når dei planlagde investeringane blir realiserte.

Plan for investeringar blei vedteken i førre styremøte.

Slik står det til ved UiA

I marsmøta får universitetsstyret ein fyldig meny av årsrapportar frå ulike delar av UiAs verksemd. Desse blir tekne til orientering av styret, men kan også brukast av andre som lurer på korleis utviklinga er på desse områda:

Andre utvalde saker frå møtet

Sjå alle dokumenta