Det første møtet i år i universitetsstyret blei opna med eit besøk frå Vitensenteret Sørlandet. Dei bygger eit heilt nytt vitenssenter på Campus Kristiansand, saman med UiA.
Senteret opnar 16. juni 2026.
.jpeg)
Slik skal meir UiA-forsking takast i bruk
Det er viktig for universitetet at den kunnskapen som blir skapt her kjem ut til samfunnet. Det kan vere som kommersielle idear, eller for å gjere ein annan forskjell i samfunnet.
Det siste blir også kalla «sosial innovasjon». Eit eksempel var då universitetet utvikla ei eiga verd i speluniverset Minecraft. Den vert no blir brukt til undervisning om samisk kultur på skular over heile landet. UiA har også bidradd til å utvikle enklare digital søknad om sosialhjelp, laga digitale ressursar om godt kosthald i born sine første leveår og laga eit nytt karriereverktøy for personar med funksjonsnedsetting.
For at meir kunnskap frå UiA skal kome samfunnet til gode, vedtok universitetsstyret no nye prinsipp for korleis dette skal gå føre seg.
Desse har vore på høyring ved fakulteta og avdelingane til universitetet, og innhaldet blei vedteke slik dei var foreslått.
Vedtok treårig investeringsplan
UiA kan sette av pengar for å gjere investeringar i utviklinga til universitetet. Derfor vedtek styret årleg ein plan for desse investeringane.
Planen gjeld for 2026-2028, og inneheld blant anna:
1. Mellombelse lokale for fagmiljøet i psykologi
2. Inventar og utstyr til Vitensenteret Kristiansand UiA
3. Læringsarena «av studentar for studentar» ved Campus Grimstad
4. Tilbakeføring av parkeringsplassar til blomstereng ved Campus Kristiansand
Planen inneheld investeringar til 256 millionar kroner. Den blei vedteke som foreslått.
Andre utvalde saker frå møtet
1. Årsplanane for fakulteta, Avdeling for lærarutdanning og administrasjonen blei tatt til orientering
2. Styret bestemte kven som skal møte Kunnskapsdepartementet i etatsstyringsmøtet 11. mai
3. Styret blei orientert om resultata av Kandidatundersøkinga 2025