Noverande rektor Sunniva Whittaker, som har styrt UiA sidan 1. august 2019, går av sommaren etter å ha sete i maksimalt tal på tillatne periodar (åtte år). Også prorektor Hans Kjetil Lysgård, som har sete i team med Whittaker sidan 2023, og før det som viserektor frå 2019, fullfører sin periode samstundes.
Rektor og prorektor stiller i par ved vala på UiA. For å kunna veljast må rektorkandidaten ha professorkompetanse, medan prorektorkandidaten må ha minimum førstestillingskompetanse. Båe må beherska eit skandinavisk språk. Det nye rektorteamet tiltrer 1. august 2027.
Håpar på engasjerande kamp om taburettane
Ved førre val i 2023 blei Whittaker attvald utan motkandidatar. Denne gongen uttrykkjer både leiinga, fagforeiningane og valstyret ved UiA - som har eit hovudansvar for gjennomføringa av rektorvalet - eit sterkt ynskje om ein aktiv og engasjerande valkamp med fleire kandidatpar på blokka.
Tidslinja for valet
Universitetsstyret slutta seg i same møte og til valstyret sitt forslag til tidslinje for valprosessen framover. Tidslinja ser slik ut no:
Hausten 2026:
• 23. november: Valet blir offisielt lyst ut.
• 23. november: Tilsettmanntalet blir lagt ut og gjort tilgjengeleg for sjekk (klagefrist er 15. februar 2027).
Våren 2027:
- 04. januar – 24. januar: Periode for å framja kandidatar.
- 27. Januar: Frist for å godkjenne kandidater
- 28. januar – 28. februar: Periode for valkamp og kandidatpresentasjonar.
- 08. februar: Studentmanntalet blir lagt ut (klagefrist er 15. februar).
- 01. mars – 08. mars: Første valomgang (klagefrist er 15. mars).
- 17. mars – 30. mars: Eventuell andre valomgang dersom ingen oppnår over 50 % av dei vekta stemmene i første runde.
Slik vert stemmene vekta
Når stemmene teljast opp, er det ein fastsett fordelingsnøkkel som avgjer resultatet:
Tilsette (samla): Tel 72 % av det totale resultatet. Alle tilsette har lik stemmevekt, uavhengig av om dei er vitskapleg eller teknisk-administrativt tilsette.
Studentane: Tel 28 % av det totale resultatet.
Berre fire har vald rektor
I dag har fire av dei elleve universiteta i Noreg ei ordning med demokratisk vald rektor:
Universitetet i Agder (UiA)
Universitetet i Oslo (UiO)
Universitetet i Bergen (UiB)
Noregs miljø- og biovitskapslege universitet (NMBU)
Dei resterande sju brukar i dag modellen med tilsett rektor og ekstern styreleiar oppnemnd av departementet.
Dei to rektormodellene
Hovudskilnaden i dei to rektormodellene ligg i kven rektor svarar til, og kven som leier universitetsstyret.
Der rektor blir vald av studentar og tilsette, som på UiA, fungerer han eller ho samstundes som leiar for universitetsstyret. Rektor er dermed både fagleg og politisk leiar for institusjonen, medan ein administrerande direktør (universitetsdirektøren) tar seg av den daglege administrative drifta.
Der rektor blir tilsett av universitetsstyret, fungerer han eller ho som dagleg leiar (administrerande direktør) for heile verksemda. Dette er hovudmodellen i styringa av universiteta i dag. Rektor har framleis den øvste faglege og politiske rolla for institusjonen, men er i denne modellen underordna styret. Styret blir i staden leia av ein ekstern styreleiar oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.