– Dette er eit viktig bidrag for å fortsette oppbygginga av fagmiljøet i psykologi ved UiA, seier rektor Sunniva Whittaker.
– Vi er veldig takksame for den støtta regionen har gitt oss både under kampen for å kunne tilby studiet, og nå når vi gjer oss klare til å gjennomføre for første gong, seier Whittaker.
Ho inngjekk avtalen med den administrerande direktøren i kompetansefondet Peter Klemsdal tidlegare denne veka.
– Utan støttespelarar som Sørlandets kompetansefond, hadde det vore veldig vanskeleg å realisere slike store satsingar, seier Whittaker.
Søkinga til dei 45 plassane på profesjonsstudiet i psykologi opnar 1. februar.
– Positive ringverknader
UiA har søkt Sørlandets kompetansefond om midlar til fire årsverk innan utviklingspsykologi i tre år. Søknaden har ein totalverdi på 18 millionar over tre år.
Fondet har nå godkjent tildeling for det første året.
– Vi har eit særleg ansvar for å støtte UiAs utvikling. Det at UiA lykkast med eit godt psykologistudium og eit robust forskingsmiljø, vil det gi positive ringverknader for levekåra i Agder, seier administrerande direktør Peter Klemsdal i Sørlandets kompetansefond.
UiA har berekna dei totale oppstartskostnadene for psykologi til rundt 121 millionar kroner i løpet av åtte år.
– Vi fortset dialogen med både regionale og nasjonale moglege finansieringskjelder, og opplever mykje positivitet rundt at Sørlandet får psykologiutdanning.