Det siste universitetsstyremøtet i år starta med dialog mellom styret og studentane.
Leiar og nestleiar i Studentorganisasjonen i Agder, Magnus Ellefsen Moen og Nina Øglænd Johnsen, fortalde styret om korleis studentdemokratiet ved UiA fungerer og kva saker dei jobbar med.
Dei trekte særleg fram to hovudtema:
- Frivilligheit og engasjement
- God utdanningskvalitet og relevante studiar
I dialogen blei det også snakk om korleis kunstig intelligens påverkar studentkvardagen.
.jpeg)
Tiltaka over alle tiltak
Styret vedtar årleg ein plan for korleis universitetet skal følge opp den overordna strategien. I den vedtok styret fleire hovudtiltak for det komande året.
I 2026 skal UiA spesielt leggje vekt på:
- Akademisk fridom og internasjonal solidaritet, inkludert å bidra til oppbygginga av utdanningsinstitusjonar i Palestina og andre krigsherja område
- Å legge til rette for endå meir tverrfagleg arbeid på universitetet
- Å bidra til at fleire studentar engasjerer seg i studentmiljøet (etter innspel frå studentorganisasjonen) og blir involverte i forsking, nyskaping og kunstnarisk utviklingsarbeid
- Vidareutvikling av ein berekraftig studieportefølje
- Ansvarleg internasjonalt samarbeid og forskingsetikk
- Å ta i bruk kunstig intelligens formålstenleg i heile organisasjonen
- Verkemiddel for studentinnovasjon
- Å bidra til ei vellykka etablering av eit kunnskapssenter på Campus Kristiansand
Planen blei vedtatt og kan lesast slik han var foreslått.
Pengar til meir fleksibilitet, psykologi og formidling
I forslaget til statsbudsjett for 2026 blir UiA tildelt 1,9 milliardar kroner. Det er i all hovudsak desse pengane styret nå fordeler.
Det er tre store satsingar i fordelinga. Det blir sett av:
- 29,3 millionar kroner til å gjere utdanningar meir fleksible
- 26,9 millionar kroner til eit fond for etablering av profesjonsstudium i psykologi frå 2026
- 2,5 millionar kroner til etableringa av kunnskapssenter på Campus Kristiansand. Her er det tidlegare år sette av fleire millionar
Av andre satsingar, kan midlar til bruk av kunstig intelligens ved fakulteta, vidareføring av støtteordningar for matematikkundervisning ved universitetet, oppfølging av handlingsplan for kommunikasjon og fleire støtteordningar nemnast.
Budsjettet blei vedtatt som foreslått.
Deler støtteordning i to nivå
UiA har ei ordning for å støtte miljø ved UiA med potensial til å nå gjennom i store programma for forskingsfinansiering. Eit eksempel er Sentre for framifrå forsking frå Noregs forskingsråd.
Ordninga er nå gjennomgått. Styret vedtok å gjere fleire endringar.
Hovudgrepet er at ordninga blir delt i to verkemiddel. PRIFORSK 1 er retta mot framveksande og ambisiøse miljø i ein tidleg utviklingsfase. PRIFORSK 2 er retta mot allereie etablerte og sterke miljø.
Fram til nå har ordninga berre retta seg mot allereie sterke miljø.
Ei anna endring inneber at fakulteta nå får ansvar for å prioritere kva miljø som kan fremme søknader. Vurderingskriteria blir òg straumlinjeforma, og forventinga om at senterane skal kunne drive vidare utan nye strategiske midlar etter femårsperioden blir gjort meir tydeleg.
Summen av endringane skal gjere ordninga meir strategisk, meir treffsikker og betre tilpassa UiA sitt mål om å styrke forskingskvaliteten i heile organisasjonen.
Meir informasjon om ordninga kjem på UiA.no. Første styreavgjerd om nye PRIFORSK-senter er venta i oktober 2026.