Professorprogrammet starta i 2020, og sidan då har rundt 60 deltakarar vorte professorar eller dosentar. Leiar for programmet er professor Eivind Engebretsen frå Universitetet i Oslo.
– Dette handlar ikkje berre om teljekantar, men også om å skapte meining i professorrolla. Som professor skal du ikkje berre forska, men også ta ansvar og leiga forsking, seier Engebretsen.
Frå før har nokre deltakarar fått finansiering frå Balanse-prosjektet og FEMPROF, som er prosjekt frå Noregs Forskningsråd. Nokre har og fått stipend frå UiAs Handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfald. Akademikarar frå alle fakultet er med i det toårige programmet. Det er samlingsbasert, kombinert med jobbing imellom samlingane.
Systematisk til verks
– Mange ønskjer ei systematisk tilnærming til å bli professor, og det er det me tilbyr. Det er ulike krav som blir stilte, avhengig av fagområde, men det finst likevel systematiske måtar å jobba på som alle kan bruka, seier Engebretsen.
Ein sentral del av ein opprykksøknad er å dokumentera at forskinga følgjer ein raud tråd. Ein del av programmet er retta mot denne raude tråden, og det blir mellom anna utarbeidd ein kvalifiseringsplan som deltakarar kan styra etter gjennom fleire år.
Programmet vart først starta av Fakultet for helse og idrettsvitskap, men har no vorte ei oppgåve lagt til Personal- og organisasjonsavdelinga. Seniorrådgivar Gerd Reidun Helmikstøl er blant dei som jobbar med programmet.
– Dette er viktig for utviklinga til UiA, men også for rekrutteringa. Mange ønskjer plass i professorprogrammet, og det er flott å sjå at det hjelper mange, seier Helmikstøl.
Vanlegare i andre bransjar
Prorektor Hans Kjetil Lysgård er glad for at professorprogrammet har vorte så populært.
– I andre bransjar er det lang tradisjon for å driva med karriereutvikling på ein slik måta. Det har ikkje vore tilfelle i akademia. Me er eit ungt universitet som treng å utvikla oss, og professorprogrammet er eit viktig bidrag til kunnskapsbygginga ved UiA, seier Lysgård.