Beat-generasjonen var unge og eksperimentelle kunstnarar. Poetar, målarar, forfattarar og bohemar frå fleire statar samla seg i beat-miljøet på vestkysten i USA. Dei fleste av dei var intellektuelle og blei vaksne under andre verdskrig.
Kunstnarane var i opposisjon til eit amerikansk etterkrigssamfunn prega av materialisme, sensur, opprustingspolitikk og internasjonale spenningar. Beat-kunstnarane la meir vekt på kunst, poesi og mellommenneskelege forhold og var positive til hippierørsla. Kunsten deira bar preg av ein nyreligiøs lengsel.
Største samlinga av beat-kunst utanfor USA
Universitetet i Agder har den største samlinga i verda av beat-kunst utanfor USA. Verka er ei gåve frå Reidar Wennesland. Frå 1956 hadde han ein legepraksis på North Beach i San Francisco der han ofte tok betalt for legetenester i form av kunst. Reidar donerte også en fantastisk Kobberstikk samling- se boka Connecting Lines. Engravings from the Wennesland Collection. Deler av denne samlingen er stilt ut på Campus i Grimstad og i B-blokken. Wennesland donerte også en asiatisk samling som er å se i A7 og på biblioteket.
Her kan du sjå beat-kunsten på UiA
Delar av beat-kunsten er utstilt permanent i B-blokka på UIA: 1, 2. og 3 etasje, i tillegg til i Vrimlehallen, A- blokka/trapper og på biblioteket. G-bygget har beat-kunst i trappeoppgangen og G-3. Det er Oslo Konserveringsatelieet som konserverer Beat-kunsten. Det er utgitt en rekke bøker om samlingen og kataloger- som til dømes bøkene Traces of Beat, The Beat art collection at the University of Agder.