Generelle reglar
- Risikovurdering av arbeidsoppgåver, laboratorium, verkstad og utstyr skal gjennomførast
- Opplæring skal vera gitt før arbeidet startar opp
- Påbode verneutstyr og verneinnretningar skal brukast
- Reager alltid på alarmar
- Forlat bygning ved brannalarm. Opptre i samsvar med varsel over høgtalaranlegg der det finst
- Det er forbode å eta og drikka i laboratorium og verkstader
Arbeid på laboratorium
Arbeid på UiAs laboratorium skal vera trygt for deg, din medstudentar og tilsette.
Derfor er det viktig å følgja desse reglane:
- Rutinar og standard operasjonsprosedyrar for kvart enkelt laboratorium skal følgjast
- Alle påbods- og varselmerke skal respekterast
- Du pliktar å gjera andre merksame på arbeidet ditt og vernetiltak i laboratoriet
- Avfall skal handterast etter reglar gitt på kvart laboratorium
- Arbeid på laboratoriet skal alltid vera opplyst til minst ein annan person dersom det er fare for liv og helse
- Dersom det er fare for liv og helse (for deg eller andre) skal arbeidet risikovurderast og dokumenterast
- Alle jobbar skal avsluttast med å rydda
Brot på dei overnemnde reglane kan medføra tidfesta eller varig utestenging av aktivitet anten du er student eller tilsett.
Bruk av stoffkartotek for studenter
Universitetet i Agder oppbevarer og bruker kjemikaliar av ulik art. For å få eit system på desse kjemikaliane, har UiA eit elektronisk stoffkartotek på nettet, Workplace Safety (WPS. Stoffkartoteket er ei samling av tryggingsdatablad for alle kjemiske stoff og stoffblandingar som blir brukte ved UiA.
Her er tilgang til Digitalt stoffkartotek Workplace Safety
Risikovurdering av arbeid i laboratorium og verkstad
Risikovurdering er eit av fleire verktøy for systematisk identifisering av utfordringar knytte til arbeid i laboratorium og verkstad.
Risikovurdering skal gjennomførast i forkant av ein konkret arbeidsoppgåve eller prosess, og når aktivitet blir endra slik at tiltak kan setjast i verk, for å fjerna eller kontrollera risikoelementa før arbeidet startar. Risikovurdering skal dokumenterast.
I ei risikovurdering skal ein ta stilling til:
- Kva kan gå gale?
- Kor stor er sjansane for at det skal kunna skje?
- Kva konsekvensar kan det få dersom det skjer?
- Kva sannsynsreduserande og/eller konsekvensreduserande tiltak må me setja i verk for å minimera risiko?