English version of this page

Leseplassar

Her finn du ei oversikt over dei fleste leseplassar på begge campus. Hugs å vere tidleg ute når du skal ha leseplass, det er mange om plassane!

Fleire studentar sit rundt eit bord og studerer med bøker og laptopar framfor seg.
Foto: Adam Read Foto

Grimstad

Lesesalar

For alle:

C4 092 - 28 plassar som kan nyttast i eksamenstida

Masterstudentar har eigne lesesalar:

A1 120

C5 072

D3 050

Biblioteket

Det finst kanskje ikkje nokon betre stad å lese enn på biblioteket! 

Biblioteket i Grimstad har 138 plassar.

Les meir om biblioteket

Grupperom

Campus Grimstad har 52 grupperom med til saman 480 plassar.

Book grupperom her

Gata

Gata er fellesarealet som bind saman ulike studiar sosialt og fagleg. Frå hovudinngangen passerer du eit ope amfi. Bak amfiet finn du biblioteket. Langs Gata ligg bokhandelen, kantina, kaffibaren, og inngangar til auditorium, klasserom, lesesalar og grupperom.

I Gata er det 230 plassar, mens Amfiet har 90 plassar.

Døgnope

Grimstad: Gata, 24 timars-sona, bygget rett bak Bluebox (A1 018) er tilgjengeleg heile døgnet for studentar med inngangskort.

Kantina

Ta med heile kollokviegruppa til kantina - ein perfekt stad for gruppearbeid og ein matbit i same slengen.

Det er 110 plassar i studentkantina i Grimstad.

Kristiansand

Lesesalar

For alle:

B3 034 - 91 leseplassar.

46 208 - 30 leseplassar og sofa til 10 personer.

46 310 - 28 leseplassar og sofa til 10 personer.

Masterstudenter har egne lesesaler:
Desse krev tilgang på studentkortet ditt, legg inn ei melding på uia.no/adgang for dette.

46 303 - 14 leseplassar.

46 304 - 17 leseplassar og sofa til 6 personar.

Biblioteket

Det finst kanskje ikkje nokon betre stad å lese enn på biblioteket! Biblioteket er også døgnope for studentar med inngangskort/studentkort.

Biblioteket i Krs har 328 plassar.

Les meir om biblioteket

Grupperom

Kristiansand har 143 grupperom med til saman 1060 plassar.

Book grupperom her

Sittegrupper

Dei fleste fakultetsbygga har sittegrupper der det er fint å studere. Sjekk ut bygg D, E, F, G, H, I, J, K og bygg 46.

Vrimlehallen (Vilhelm Krag Hall)

Sjølve hjartet av UiA har mange leseplassar og eigen kaffibar. Vrimlehallen er også døgnope for studentar med inngangskort/studentkort.

I Vrimlehallen er det 250 plassar.

Døgnopne bygg

Bygg 46 og 47 er er tilgjengeleg heile døgnet for studentar med inngangskort/studentkort.

Det er også Vrimlehallen og biblioteket.

Kantina

Ta med heile kollokviegruppa til kantina - ein perfekt stad for gruppearbeid og ein matbit i same slengen.

Det er 592 plassar i studentkantina i Kristiansand.

SiA Bok

Bokhandelen på campus har ikkje berre bøker, skrivesaker og UiA-merch, den har også fleire sittegrupper og eiga kaffimaskin.

Naturmuseum og botanisk hage

Rett ved siden av campus Kristiansand finn du Naturmuseum og botanisk hage. Her er det gratis inngang for studentar, og dei har ein koseleg liten kafé der ein kan kjøpe seg noko godt og sitte i fred.

SiA Studentsenter

SiA Studentsenter er Studentsamskipnaden i Agders hovudkvarter og er på Campus Kristiansand. Her er det mykje leseplassar, og også fleire møterom som studentaktivitetar og studentforeiningar kan booke gratis.

BARE studenthus

BARE studenthus ligg midt i Kristiansand sentrum. Studenthuset er ikkje berre ein utestad og konsertlokale med matservering, du kan også sitte her på dagtid og studere, kjøpe mat, bestille ein kaffi, spele brettspel, jobbe med gruppearbeid... Moglegheitene er mange!

Nokre av leseplassane i Kristiansand - bli med på ein rundtur:

Publisert 23. sep. 2024 - Sist endra 28. apr. 2026