– Å representere UiA på ein internasjonal arena og sjå arbeidet bli anerkjent globalt er noko eg er veldig stolt av, seier Bijoy.
Om konkurransen
- AspenTechs Global Academic Innovators Challenge samlar studentar frå universitet verda over
- Fokuserer på berekraft, energiomstilling, sirkulærøkonomi og karbonfangst
- Meir informasjon: Global Academic Innovators Challenge
Konkurransen samla studentar frå universitet verda over for å løyse store berekraftsutfordringar. Bijoy høyrde om den i desember i fjor, då professor Souman Rudra som underviser i fornybar energi ved UiA tipsa han om moglegheita.
Fly på fanga CO₂
Bijoy er på første året i masterutdanninga innan fornybar energi på UiA. I konkurransen valde han å jobbe med karbonfangst og -lagring, også kalla CCUS. Målet var å finne ein ny måte å lage berekraftig flydrivstoff, såkalla SAF, frå CO₂ fanga frå industrielle avgassar. Prosjektet brukte simuleringsprogramvara Aspen Plus, som UiA gir studentane tilgang til. I tillegg kopla Bijoy inn maskinlæring for å optimere produksjonen.

– Temaa fengde meg med ein gong, spesielt fordi eg studerer fornybar energi, seier han.
Frå Europa til verdstoppen
Bijoy leverte prosjektet 30. mars. Han blei vald ut som regionvinnar for Europa, og sikra seg dermed plass i finalen, kalla Global Showdown. 6. mai blei finalen halde som eit direktesendt to–timars simuleringsutfordring. Resultatet kom 14. mai om at Bijoy fekk tredjeplass globalt.
Professor Souman Rudra er stolt over det studenten har fått til.
– Dette viser kvaliteten på studentane våre og det sterke fagmiljøet vi bygger ved UiA. Å lykkast mot topp internasjonale universitet er ei oppsiktsvekkande bragd, seier han.
For Bijoy er tredjeplassen eit startskot, ikkje eit sluttpunkt. Målet er å jobbe med å gjere industrien grønare. Dette vil han gjere ved å kombinere karbonfangst, fornybar hydrogen og AI-basert optimering i verkelege energisystem.
Interessert i studiet?
Sjekk ut bachelorutdanninga i fornybar energi
Sjekk ut masterutdanninga i fornybar energi