– Vi ser at interessen for praksis i arbeidslivet har auka betydeleg. Så her må bedrifter vakne, og gripe sjansen til å knytte til seg ny kompetanse og framtidige medarbeidarar.
Det seier Åsmund Somdal, emneansvarleg for internship-ordninga på Universitetet i Agder (UiA).
Internship-ordninga er tilknytt Fakultet for teknologi og realfag på UiA. Teknologi- og ingeniørstudentar på bachelor- og masternivå får sjansen til å gjennomføre 200-300 timer i arbeidspraksis i ein bedrift som ein del av sine studiar.
– Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Studentane får erfaring og kontaktar, mens bedriftene får ferske perspektiv, engasjerte studentar og eit auka rekrutteringsgrunnlag, seier Somdal.
Les mer om internship-ordninga her
Døropnar
Praksisperioden går frå 1. juni og varer til ut november.
– Studentane som har internship-emne i utdanninga si har studert på UiA eit par år. Dei har opparbeida seg mykje teoretisk kompetanse som er viktig å prøve ut i ein bedrift, seier Somdal.
Arbeidspraksis opnar mange dørar for studentane. Tidlegare har fleire fått tilbod om å skrive bachelor- eller masteroppgåve i samarbeid med bedrifta dei har hatt praksis hos. Fleire har også fått tilbod om fast jobb.
Bedrifter som ønsker å registrere seg for å ta imot studentar, kan gjere dette via portalen internship.uia.no.
– Vi oppfordrar både studentar og arbeidsgjevarar til å være tidleg ute for å sikre seg dei beste moglegheitene, seier Somdal.
Frukostmøte for bedriftene
For å gi tilbod til alle studentane treng internship-ordninga at fleire bedrifter tar i mot studentar.
– Vi ser at dei som har gode erfaringar gjerne teke i mot fleire. Det er like mykje arbeid å gi opplæring til ein student i praksis som til tre studentar, seier Somdal.
For å mobilisere bedriftene arrangerer UiA eit frukostmøte tirsdag 18. mars fra 08.30-10.00 på campus i Grimstad. Der kan bedrifter og organisasjonar få meir informasjon om internship-ordninga. Tidlegare samarbeidspartnarar kjem for å dele sine erfaringar.
– Vi ser at nokre bedrifter er veldig på, mens andre framleis heng etter. No er det viktig at fleire bedrifter opnardørene for studentane, seier Somdal.