– Vi ønsker å finne ut korleis spel kan halde eldre mentalt aktive og sosialt engasjerte. Japan har lang erfaring med dette, seier Tobias Scholz.

Han er førsteamanuensis ved UiA. Scholz forskar på gaming, og er ekspert på dataspel og utvikling av spel.
UiA samarbeider med Grimstad kommune og Fagskolen i Agder om å byggje universitetssjukeheim ved campus. Eit av måla er å utvikle betre helse- og omsorgssteinestar som andre kommunar kan lære av. Dette vil gi UiA-forskarar ei unik moglegheit for testing. Universitetssjukeheimen blir Noregs første i sitt slag.
Universitetet i Tsukuba er eit av Japans leiande universitet, kjent for forskinga si på teknologi, idrett og samfunn. Det ligg i Tsukuba Science City, ein by bygd for forsking og innovasjon.
Utveksling av forskarar
Forskingsavtalen med Universitetet i Tsukuba opnar også for å studere kulturelle forskjellar. Videospel er til dømes meir integrert i det japanske samfunnet enn i Noreg.
– Japan er verdsleiande på videospel, mens Noreg ligg i front innan esport. Vi kan lære mykje av kvarandre, seier Scholz.
Avtalen blei signert 2. oktober 2025 av Rune Andersen frå UiA og Toshinobu Usuyama, dekan ved Universitetet i Tsukuba. Den gjeld utveksling av forskarar, ikkje studentar.
– Vi planlegg å diskutere konkrete utvekslingar når forskarane er klare. Eit naturleg høve er esport-konferansen i Tsukuba i 2026, seier Scholz.
Samarbeidet bygger på personleg kontakt mellom Scholz og professor Tsubasa Shinohara ved Tsukuba. Shinohara fekk i oppgåve å bygge opp ei forskingsgruppe på esport og søkte då råd frå UiA.
Overførbare ferdigheiter i fokus
Forskinga vil også sjå på kva ferdigheiter spelarar tileignar seg.
– Vi vil sjå på problemløysing, samarbeid og stresshandtering. Esport-miljøet ved Tsukuba forskar mykje på utbrentheit og stress, noko vi også er opptatte av, seier Scholz.
Universitetet i Tsukuba har eit sterkt idrettsforskingsmiljø. UiA håpar dette kan styrke samarbeidet ytterlegare.