English version of this page

Ny dekan ved Fakultet for teknologi og realfag: – Ønskjer å vere studentanes dekan

Med ein tydeleg ambisjon om å vere ein synleg og tilgjengeleg leiar, vil Anne Cathrine Gjærde arbeide for at både studentar, undervisarar og forskarar skal trivast og lykkast.

Bildet kan inneholde: erme, snipp, yttertøy, mote, ansiktsuttrykk.

Anne Cathrine Gjærde starta 3. mars som dekan ved Fakultet for teknologi og realfag ved UiA.

Av Sissel Eikeland
Publisert 28. mars 2025 - Sist endret 1. apr. 2025

– Eg vil vere ein dekan som arbeider for høg studiekvalitet. Det inneber å setje trivsel, kvalitet i undervisninga og UiA-identitet i høgsetet. Trivsel og eit trygt fellesskap er viktig, og ein føresetnad for læring. Samstundes brenn eg for å leggje til rette for undervisarar og forskarar, slik at vi saman kan utvikle sterke fagmiljø, seier Gjærde.

Gjærde kjem frå stillinga som dekan ved Fakultet for realfag og teknologi ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU). Ho er utdanna sivilingeniør i fysikk og har doktorgrad innan elkraftteknikk frå NTNU.

Tidlegare har Gjærde mellom anna vore generalsekretær i Polyteknisk foreining, Noregs eldste forum for samfunnsdebatt, og direktør i Nordisk ministerråd. Ho har òg arbeida i Danmark i verksemder som Ørsted/DONG Energy og Dansk energi og som forskar i SINTEF.

Som ny i rolla vil Gjærde bruke tid på å bli kjent med fakultetets tilsette og studentar.

– Eg ønskjer å lytte til kva som fungerer godt og kor vi har potensial for betring. Min dør vil alltid vere open, og eg håper på ein god og konstruktiv dialog og samspel med både tilsette, studentar og dei andre fakulteta på UiA, seier ho.

Styrke UiA-identiteten

Den nye dekanen har ein klar ambisjon om å styrke UiAs posisjon som ein attraktiv institusjon for studentar, tilsette og samarbeidspartnarar. Ho er allereie imponert over den unike posisjonen universitetet har i regionen.

– Vi må halde fram med den gode kontakten med industrien og arbeidslivet. Denne posisjonen er eit opplagt område å byggje vidare på, seier ho.

Ho understrekar kor viktig det er  å vere stolt av studiestaden og arbeidsplassen sin.

– Eg vil at studentar og tilsette skal kjenne på ein sterk UiA-identitet. Både mens dei er her, men òg etter at dei er ute i arbeidslivet, seier Gjærde.

Forskingskultur

Gjærde ønskjer seg ein forskingskultur som går hand i hand med undervisinga. Ho har allereie fått presentert fleire forskingsprosjekt frå forskingsgruppene på fakultetet, og ser fram til å bli endå meir kjent med den faglege aktiviteten på fakultetet.  

– Det er viktig at forskinga svarar på sentrale samfunnsutfordringar. Til dømes på områda  energi og helse. Her vil kunstig intelligens og automatiseringar stå heilt sentralt, meiner ho.

– Vi treng også kunnskap om natur og kystsonene for å forstå klimaendringane og sikre framtidas reine fjordar og hav. Eg kunne ha ramsa opp endå fleire tema og område, for aktiviteten på fakultetet er imponerande. Eg gler meg til å halde fram med den spennande utviklinga saman med alle dei fantastisk flinke folka vi har på fakultetet, seier ho.