– Det er ei ære å bli vist denne tilliten igjen. Det betyr mykje for meg å bidra til å ivareta noko så grunnleggjande som personvern. Verda blir stadig meir avansert og teknologien utviklar seg i eit rasande høgt tempo. Personvern er derfor ikkje berre eit juridisk spørsmål, men også eit etisk og samfunnsmessig ansvar, seier Goodwin.
Goodwin er professor ved Institutt for Informasjon og kommunikasjonsteknologi på Universitetet i Agder (UiA). Han er nestleiar for UiAs forskingssenter Centre for Artificial Intelligence Research (CAIR) og har ein doktorgrad i kunstig intelligens.
Komplekse spørsmål
– Personvernnemnda passar på at Datatilsynet gjer som dei skal. Mi rolle er å tilby teknisk innsikt som utfyller det juridiske arbeidet i nemnda, seier han.
Mange saker i nemnda er komplekse, og god teknisk kompetanse kan vere avgjerande for å vurdere både risiko og løysingar. Til dømes om korleis appar er utforma, eller korleis store offentlege IT-system fungerer, og kva tekniske tiltak som kan sikre personvernet best mogleg.
– Som ein av dei to teknologane i nemnda blir min viktigaste rolle å belyse desse spørsmåla på ein forståeleg måte for alle medlemmane, seier Goodwin.
Morten Goodwin underviser om kunstig intelligens for både bachelor-, master- og doktorgradsstudentar. I tillegg er han ein aktiv forskar på feltet. Han er også ein aktiv populærvitskapleg formidlar av kunstig intelligens.
Hausten 2020 gav han ut boka "AI. Myten om maskinene". Boka forklarar kva kunstig intelligens eigentleg er, korleis teknologien har oppstått, kva vi bruker det til i dag, og kva som snart vil være mogleg i framtida med teknologien.
Sju faste medlemmar
Personvernnemnda er eit klageorgan og behandlar klager over vedtak fatta av Datatilsynet. Nemnda er ein uavhengig komité med sju faste medlemmar med personlege avløysarar. Både medlemmane og avløysarane blir utnemnde for fire år med høve til å bli utnemnt fleire gongar.
Personvernnemnda er administrativt underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
For perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028 har departementet utnemnt følgande medlemmar og avløysarar til Personvernnemnda:
- Lagdommar Marius Stub, leiar
Assisterande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid, personleg avløysar for leiar - Tingrettsdommar Ruth-Louise Osborg, nestleiar
Kommuneadvokat Cecilie Tandberg Hallan, personleg avløysar for nestleiar - Advokat Malin Tønseth, medlem
Personvernombod Marit Kristin Larsen Haarr, personleg avløysar - Professor Morten Goodwin, medlem
CTO Simen Sommerfeldt, personleg avløysar - Førsteamanuensis Malgorzata Agnieszka Cyndecka, medlem
Professor Ingunn Ikdahl, personleg avløysar - Stipendiat Bjørn Aslak Juliussen, medlem
Stipendiat Hannah Louise Bekkelund, personleg avløysar - Professor Heri Ramampiaro, medlem
Data scientist Robindra Prabhu, personleg avløysar