English version of this page

KI-senter for offentleg sektor går vidare til finalerunden

– I dag er offentleg sektor prisgitt dei store teknologigigantane. Det ønskjer vi å endre på, seier professor Morten Goodwin.

Foto av Morten Goodwin

Professor Morten Goodwin på UiAs Senter for forskning på kunstig intelligens (CAIR).

Av Walter Wehus
Publisert 7. apr. 2025 - Sist endret 4. juni 2025

Senter for offentleg sektor kunstig intelligens (SOSKI) er eitt av 19 forskingsmiljø som har komme vidare til siste vurderingsrunde hos Noregs forskingsråd. 

– Vi vil at offentleg sektor skal sitje i førarsetet for utviklinga innan kunstig intelligens. Offentleg sektor skal setje premissane og forske fram teknologi som kan brukast i alt frå kommunal saksbehandling til helseforsking, seier professor Morten Goodwin på Universitetet i Agder (UiA).

Goodwin har leidd arbeidet med søknaden om å få status som eit nasjonalt forskingssenter for kunstig intelligens.

Målet med senteret er ambisiøst: Gjennom SOSKI ønskjer UiA og partnarane å etablere Noreg som ein global leiar innan etisk og berekraftig kunstig intelligens. Senteret skal forbetre tilliten, effektiviteten og leveransen av offentlege tenester.

UiA skal leie prosjektet, medan prosjektleiaren kjem frå NORCE.

Tre hovudspor 

Arbeidet i SOSKI vil følgje tre hovudspor. UiA skal leie den teknologiske utviklinga, NORCE skal leie arbeidet med samfunnsmessige konsekvensar, medan Simula skal leie senteret sitt arbeid med samspelet mellom menneske og maskiner.

Partnarar i SOSKI

 

  • Universitetet i Agder
  • NORCE
  • Vestlandsforsking
  • Høgskolen i Østfold
  • NIBIO
  • NILU
  • Oslo kommune Origo
  • Kristiansand kommune
  • Bærum kommune
  • Glitre nett
  • Å Energi
  • Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
  • Kommunenes sentralforbund
  • Tolletaten
  • Folkehelseinstituttet
  • Skatteetaten
  • Statens kartverk
  • Norkart AS
  • Simula AS
  • Helse Stavanger
  • Stanford University
  • Universidade de Lisboa
  • Københavns universitet
  • Vrije Universiteit Amsterdam

– Vi skal undersøkje kva som skjer med offentleg sektor og innbyggjarane når teknologi og kunstig intelligens får stadig større plass. Kva betyr det for samfunnet når saksbehandlinga går meir eller mindre automatisk? Og korleis skal vi som menneske forhalde oss til dette? seier Goodwin.

Fleire prosjekt i gang

Fleire av samarbeidsprosjekta som skal inngå i senteret er allereie i gang. Eitt døme er KartAi, eit prosjekt der UiA samarbeider med Kartverket. 

– Her handlar  det om å tolke reguleringsplanar og byggjesøknader med kunstig intelligens. Målet er at kommunal sektor kan få ein språkmodell som les ein reguleringsplan og ein søknad som ein innbyggjar sender inn. Sjølve saksbehandlinga blir dermed delvis automatisk, seier Goodwin.

Eit anna døme er samarbeidet med Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å la kunstig intelligens lage samandrag av forskingslitteraturen. Desse samandraga kan danne grunnlag for FHIs tilrådingar, til dømes under pandemiar.

Blir avgjort i juni

Forskingsrådet fekk opphavleg 122 skissesøknader. Desse vart til 50 fullstendige søknader i januar 2025. No skal dei 19 finalistane gjennom intervju med eit utvida ekspertpanel før den endelege avgjerda blir teken i midten av juni. Dei 4-6 vinnarane skal dele ein milliard kroner mellom seg. 

– Vi har opplevd ei enorm interesse for denne satsinga. Kunnskapsmiljø i heile landet har jobba hardt for å samle dei beste kreftene om viktige forskingstema. Dette vil vere avgjerande for at Noreg kan hevde seg internasjonalt, styrkje konkurransekrafta og bruke kunstig intelligens til det beste for samfunnet, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit i ei pressemelding.

UiA er òg partnar i fire andre av dei 19 finalistane: 

  • BONXAI – Bio-inspired AI for Competent Learning
  • AI Centre for the Empowerment of Human Learning
  • KI-INDUSTRY – Multi-agent AI for Regenerative Industry and Society
  • MishMash – Center for AI & Creativity