– Ved å oppdage slitasje tidleg kan kraftverket enklare planlegge vedlikehald og redusere nedetid. Da kan vi forhindre kostbare feil og uventande driftsstans.
Det seier Kjell G. Robbersmyr, professor i mekatronikk ved Universitetet i Agder (UiA).
Fakta om forskinga
- Forskingsarbeidet på Rygene kraftstasjon i Grimstad er ein del av UiA-prosjektet Performance and Health Monitoring for Hydroelectric Powerplants (PHMHydro). Prosjektet varer ut 2026.
- UiA leiar prosjektet og samarbeider tett med forskingsmiljøet i NORCE, kraftselskapet Å Energi og teknologiselskapet Value Industrial IoT AS.
- Studentar frå UiAs bachelor- og masterutdanninga i mekatronikk har også vært involvert i forskingsarbeidet.
- Prosjektet er finansiert av Noregs forskningsråd via IKTPLUSS-ordninga. Programmet finansierer prosjekt som gir ny kunnskap og utvikling av teknologi som fremmar produktivitet og effektivitet.
Fakta om kraftverket
- Rygene kraftverk ligg i Nidelva i Grimstad kommune.
- Kraftverket har ein årsproduksjon på 280 GWh og har i sin noverande form vært i drift sida 1978.
- Kraftverket har ein turbin som kan produsere nok straum til å dekke behovet til 17500 husstandar i året.
No leiar han eit prosjekt som utviklar ein teknologi for kontinuerleg overvaking av kraftverkets utstyr ved Rykene kraftstasjon i Grimstad. Dette inkluderer bruk av kunstig intelligens (KI) for å varsle når vedlikehald er nødvendig.
– Ein pilotversjon av systemet vil bli prøvd ut på Rygene kraftstasjon. Vi må teste at den fungerer optimalt før vi rullar ut løysinga breitt til andre vasskraftverk i Noreg, seier Robbersmyr.
Målet med prosjektet er å utvikle en teknologi som enkelt kan bli brukt i ulike vasskraftverk.
Dette kan spare kraftselskapa for kostnader knytt til vedlikehald og gi meir effektiv drift.
Digitale løysingar for auka pålitelegheit
Norsk vasskraft er ein viktig del av energiforsyninga, men dagens vedlikehaldssystem er ofte basert på tradisjonelle metodar som er i ferd med å bli avleggs.
– Vi ønsker å endre dette ved å innføre sensorar og kunstig intelligens (KI) for å overvake dei viktigaste delane i eit kraftverk: turbinen og generatoren, seier Robbersmyr.
Ved å samle inn og analysere store mengder data i sanntid, kan systemet varsle når utstyr treng vedlikehald.
Grunde Olimstad er leiar for teknisk avdeling i Å Energi. Han fortel at dette vil gi betre kontroll over drifta og reduserer risikoen for uventa feil som kan føre til dyre reparasjonar og produksjonsstans.
– Prosjektet vil hjelpe oss med å utvikle betre metodar for tilstandsovervaking av kraftstasjonane i sanntid. Det hjelper oss å optimalisere kraftproduksjonen og unngå dyre havari, seier Olimstad.
Store fordeler for norsk vasskraft
Noreg har mykje vasskraft. Det bidrar til over 90 prosent av landets straumproduksjon. EU ønskjer at meir av energien skal komme frå fornybare kjelder innan 2030, og her kan Noreg bidra.