Nytt rom for kriseøvingar på UiA

UiA har fått eit nytt samvirkerom for å øve på krisehandtering. Berre éi veke før stormen Amy trefte Sørlandet øvde nødetatane på å handtere ein større flaum frå dette rommet.

Bildet viser en rom med fleire personar samla foran ein stor skjerm.

Fleire nødetatar var involvert i øvinga. Foto: UiA

Av Magnus Nødland Skogedal
Publisert 28. nov. 2025 - Sist endret 28. nov. 2025

– Vi har lenge ønskt å få på plass eit slikt rom, og då romma i B-blokka ved Campus Kristiansand skulle bli rehabilitert så fekk vi ei god moglegheit. Nå har vi moglegheiter for å skape ordentlege øvingar for samfunnsaktørar, seier Kjetil Rustenberg.

Han er stipendiat ved UiAs institutt for informasjonssystem, og er knytt til forskingsgruppa Centre for Integrated Emergency Management (CIEM). Dei forskar på krisehandtering, og det nye øvingsrommet gir dei høve til å kome tett på nødetatane.

Øving éi veke før Amy

Den aller første bruken av rommet fann stad 23. september, med representantar frå politiet, brannvesenet, sivilforsvaret, helsevesenet, frivillige organisasjonar og Birkenes og Kristiansand kommune.

Scenarioet som blei øvd på var flaum i Birkenes og Kristiansand, med rundt 250 deltakarar både som mannskap og markørar. Det heile blei koordinert frå Samvirkerommet ved UiA.

– Éi veke etter så slår stormen Amy til på Sørlandet, med enorme vassmengder og sterk vind. Då er det ein klar fordel at så mange har fått øve på krisehandtering. Det handlar først og fremst om å bygge ei felles situasjonsforståing, og å spele kvarandre gode, seier Rustenberg.

Bildet viser døra inn til øvingsrommet.
Rommet kan på kort tid omgjerast frå undervisningsrom til øvingsrom. Foto: UiA

Å få til ei felles situasjonsforståing har vist seg å vere veldig vanskeleg å få til i krisehandteringar. Dei ulike etatane møter ei krise på ulike vis, alt etter kva kompetanse dei sjølv har. Dei har og ulik kultur og perspektiv. Ein kjennar, naturleg nok, sin eigen etat best, og har ikkje den same innsikta i kva dei andre kan gjere. Dette er noko av det som Samvirkerommet skal brukast til å øve på, og forskarane frå CIEM skal forske på.

Vil samarbeide vidare

Beredskapsplanleggar Kolbjørn Vollan frå Agder politidistrikt var godt nøgd med det nye Samvirkerommet.

– Vi er veldig glade for å kunne ha eit slikt rom tilgjengeleg. Det er avgjerande at alle forstår sin eigen etats og andre etatars avgrensingar og moglegheiter. Først då får ein nytta den samla krafta i redningstenesta, seier Vollan.

Det nye rommet har utstyr som let etatane dela informasjon seg imellom, og moglegheit for å koordinera via ein storskjerm. Det har også blitt jobba med akustikken i rommet. Den gjer det mogleg å halde ein roleg samtale, slik at fleire samtalar kan haldast samtidig.

– Vi skal finne dei beste løysingane saman. Det er òg bra å få eit godt samarbeid med akademia her, og vi vil gjerne samarbeide vidare om dette, seier Vollan.

Nøytral grunn

– Det er viktig for etatane å øve saman på krisehandtering, og det kan vere vanskeleg å få til hos kvarandre. Mange jobbar med saker som dei har teieplikt om, og romma dei bruker er berre for dei som er klarerte. Derfor gir rommet vårt høve til å møtast på nøytral grunn, sentralt plassert i Kristiansand, seier Rustenberg.

Sikkerheitslova regulerer kva for opplysningar offentlege etatar kan dele, også seg imellom. Derfor er det ikkje alle typar øvingar som kan haldast på UiA.

UiA kan også legge til rette for realistisk samøving der det nyttast kunstige eller anonymiserte data. På det viset kan ein øva på samhandling utan at teieplikt er eit hinder.

Vil ha fleire innom

Det nye samvirkerommet fungerer i det daglege som eit vanleg undervisningsrom på UiA. Men på kort varsel kan IT-avdelinga utstyre det til øving på ulike scenario.

Andre aktørar er også velkomne til å ta kontakt for å nytta rommet. Dette kan for eksempel vere straumselskap, frivillige organisasjonar og teleselskap, og andre som har behov.

– Vi er veldig glade for innsatsen til IT-avdelinga her på UiA. Dei er innovative og har jobba fram løysningar som treffer våre behov, seier Rustenberg.