– Produktet vi har utvikla skal bidra til ein betre overgang til arbeidslivet og større sjølvråderett for grupper som sjeldan får sette seg sine eigne mål, seier Carl-Erik Moe.
Saman med forskarkollegaene Sofie Wass og Elin Thygesen har han gjennomført forsking som dannar grunnlaget for eit digitalt verktøy som blir kalla “Kompass”. Deira forskingsprosjekt Innarbeid har som mål å forbetre overgangen frå skole til arbeidsliv for personar med intellektuell utviklingshemming.
– Personar med utviklingshemming er i liten grad inkluderte i arbeidslivet. Det er vanskeleg å finne eigna arbeidsplassar, og mange går direkte over på uførepensjon etter vidaregåande skole. I forskinga vår har vi sett på korleis nye metodar og IT-verktøy kan bidra til at fleire vert inkluderte, seier Moe.
CV- og karriereverktøy
“Kompass” er eit karriereverktøy som skal styrke sårbare grupper i møte med arbeidslivet.
– Verktøyet kan brukast for å hjelpe med å sette ord på eigne interesser og sette seg eigne mål, og skal bidra til auka sjølvråderett, meistring og kompetanse for kvar enkelt, forklarer Moe.
Det digitale verktøyet er visuelt presentert som eit tre, med ulike delar ein kan trykke på. Treet skal rettleie brukaren til å sette ord på eigne mål og beskrive kva hen har lært, er god på og liker å gjere.
Resultata genererer ein enkel CV og gir eit utgangspunkt for å legge ein plan saman med ein rettleiar.

Avdekker nye mål og ønske
Sjølvråderett står sentralt i forskinga som ligg til grunn for verktøyet og metodane. Personar med intellektuell utviklingshemming har ofte opplevd å bli styrte av at andre definerer måla for dei. Teoriar om sjølvråderett går ut på at om du sjølv set måla dine, og eig dei, er det større sjanse for å nå dei.
I utviklinga av verktøyet har det vore viktig å involvere brukarane og teste løysinga undervegs. Her har også rettleiarar blitt positivt overraska over erfaringane.
– I eitt tilfelle kom det fram at ein brukar lenge hadde hatt lyst til å lære å køyre truck, noko som var heilt nytt for rettleiaren som hadde jobba med han i fleire år. Når dette først var formulert, kunne dei to legge ein plan for korleis han kunne lære seg dette, fortel Moe.
Fossheim arbeids- og kompetansebedrift har vore ein viktig bidragsytar for å prøve ut og gi tilbakemeldingar på verktøyet. Både arbeidstakarar og rettleiarar ved bedrifta har bidratt sidan 2019. Det var etter ønske frå Fossheim at arbeidet med å vidareutvikle produktet blei sett i gang, og dei er først ute med å ta i bruk verktøyet.
Skal nå fleire brukarar
Forskarane fekk midlar frå den interne støtteordninga UiA Innovasjonspilot og Forskingsrådet for å utvikle forskinga til eit innovasjonsprosjekt. Dei fekk også god hjelp frå Thomas Aamodt ved UiA Nyskaping. Slik har ideen blitt tatt vidare til eit kommersielt produkt som kan kome endå fleire brukarar til gode. Arbeidsmarknadsbedrifter er ei særleg aktuell målgruppe.
– UiA har nå inngått ein avtale med teknologiselskapet Last Friday, som skal drifte og tilby Kompass til brukarar og sikre at verktøyet når dei som treng det mest. Vi har gjort ein avtale om å kunne bruke verktøyet i forskinga, men elles er det viktigaste for oss at det lever vidare og blir brukte, seier Moe.