Forum for lærarutdanning

Forum for lærarutdanning skal vere ein møteplass der dekan og studieleiarane i Avdeling for lærarutdanning og instituttleiarar kan diskutere og samhandle om tilrettelegging, utvikling og kvalitet i lærarutdanningane, inkludert FoU og EVU.

Medlemmar

Forum for lærarutdanning består av instituttleiarar frå institutta som gir lærarutdanning, og studieleiarar og dekan ved Avdeling for lærarutdanning. Medlemmane har varaoppnemningar frå sin eining.

Mandat

Forum for lærarutdanning blir leia av dekan for lærarutdanningane. Avdeling for lærarutdanning tek seg av sekretærfunksjonen. Forumet bestemmer sjølv møtefrekvensen. Medlemmane kan invitere andre til møta i forumet om spesielle tema. Forumet skal skrive referat frå møta.

Forum for lærarutdanning skal:

  • diskutere gjennomføring av kvalitetsarbeidet i samsvar med universitetets kvalitetssystem og bidra til oppfølging av resultata frå kvalitetsarbeidet
  • drøfte ressursbruk i lærarutdanningane
  • drøfte og planlegge studieåret
  • diskutere tiltak for å styrke yrkesrelevansen i lærarutdanningane, inkludert tilsettingar ved fakulteta
  • drøfte og eventuelt foreslå tiltak som gir godt samsvar mellom nasjonale forskrifter/retningslinjer og utdanningane
  • bidra til at felles problemstillingar og vedtak som gjeld studiekvalitet blir tatt opp i lærarutdanningane
  • stimulere til bruk av varierte undervisnings- og vurderingsformer og digitale løysingar i lærarutdanningane
  • diskutere korleis det kan leggast til rette for internasjonalisering av lærarutdanningane i tråd med strategiane til universitetet og LU-styret
  • drøfte valtilbod i lærarutdanningane
  • stimulere til at praksis blir sett på som ein integrert del av utdanningane og foreslå tiltak som styrker praksisretta FoU i lærarutdanningane.
  • drøfte moglegheiter for prosjektutvikling og søknadar om eksternfinansiering av forsking og utviklingsprosjekt
  • foreslå for fakulteta å innføre samordningar og fellesprosedyrar
  • ta initiativ til og legge til rette for møter for faglærarane

Forum for lærarutdanning er ikkje eit formelt beslutningsorgan, men er ansvarleg for å sende aktuelle saker vidare til institusjonsleiing, avdelingsleiing, fakultetsstyre og Styret for lærarutdanningane.

Vedteken av LU-styret 28.10.2020

Kontaktpersonar ved Avdeling for lærarutdanning

Bilde av Gunn Bjørnsen
Dekan for lærerutdanningene
E-post
gunn.bjornsen@uia.no
Telefon
+47 38 14 11 28
Bilde av Karin Lilletun Langeland
Studieleiar barnehagelærarutdanningane
E-post
karin.l.langeland@uia.no
Telefon
+47 38 14 13 63
Bilde av Anne Elmies-Vestergren
Studieleiar grunnskolelærarutdanningane
E-post
anne.elmies-vestergren@uia.no
Telefon
+47 38 14 14 40
Bilde av Anne Kari Slettan
Studieleiar 8-13-utdanningane
E-post
anne.k.slettan@uia.no
Telefon
+47 38 14 11 75
Publisert 17. apr. 2024 - Sist endra 28. okt. 2025