| Tidspunkt | Ansvar | Arena | Innhald/Dokumentasjon |
| Oktober | Studieleiar | Programgruppe | Møte med fokus på t.d. arbeids- og vurderingsformer, læringsmiljø, internasjonalisering. |
| Oktober (slutten) | Studieleiar | Studieråd | Studierapporten for førre studieår blir lagd fram. |
| November | Praksisleiar, delegert frå studieleiar | Digital evaluering | Evaluering av praksis 3. studieår. Rapport. |
| November | Emneansvarleg | Møte med tillitsvalde | Evaluering. Referat – til faglærarmøte for fag. |
| Desember | Studieprogramleiar BA og MA (Fagkoordinator for lektorutdanninga deltar dersom det er formålstenleg) | Faglærarmøte for emneansvarlege/ faglærarar innan faget | Evaluering i faglærarmøte for fag. Faglærarmøtet gir oppfordringar om endringar i emne. Referat:
|
| Desember | Internasjonal avdeling | Digital evaluering | Evaluering av utanlandssemester. Rapport. |
| Januar (slutten) | Studieleiar | Programgruppe | Fagkoordinatorar legg fram ønskte endringar for emna i haust (som er komne fram i faglærarmøte i desember). Drøfting av eventuelle programplanendringar for komande studieår. Referat. |
| Februar (slutten, hvis resultatene av Studiebarometeret ligg føre) | Studieleiar | Studieråd | Resultat av Studiebarometeret blir drøft med vekt på læringsmiljø. Referat. |
| Mars | Praksisleiar, delegert frå studieleiar | Digital evaluering | Evaluering av praksis 1., 2. og 4. studieår, under dette utanlandspraksis. Rapport. |
| April (begynnelsen) | Tillitsvaldansvarleg LU | Tillitsvaldmøte | LU førebur data før møtet med dei tillitsvalde (emneevalueringar/ referat frå faglærarmøte desember, praksisevalueringar, studiedata), evt. studiebarometer for dei kulla det gjeld – det blir utarbeidd ei rettleiing. Basert på dette blir dei tillitsvalde utfordra på å velje ut utvalde fokusområde på programnivå; kan eventuelt gjennomføre spesifikk survey i kulla sine før studieråd. Tillitsvalde kan gjerne ha eit møte med kulla sine, men vi tilrår at dette skjer etter at surveyen er klar, og blir knytte til denne. LU kan fasilitere, men dei tillitsvalde har ansvar og gjennomfører. Evt. synspunkt frå møtet kan dei tillitsvalde legge fram som supplerande merknader i studieråd. |
| April (slutten) | Studieleiar | Studieråd | Evaluering i studieråd. Eventuelle programplanendringar (sjå januar-møtet i programgruppa). Referat (til programgruppemøte i juni). |
| April (slutten) | Avdeling for lærarutdanning/ studieleiar | Styret for lærarutdanningane | Vedtar eventuelle programplanendringar.
|
| April (slutten) | Praksisleiar, delegert frå studieleiar | Faglærarmøte praksis 1. og 2. studieår lektor | Presentasjon og drøfting av praksisevaluering. Referat (til programgruppemøte i juni). |
| April/ Mai | Emneansvarleg | Møte med tillitsvalde | Evaluering. Referat – til faglærarmøte for fag. |
| Mai | Studieleiar | Faglærarmøte PPU/ lektor profesjonsfag | Årleg evaluering av profesjonsfaget med utgangspunkt i oppsummering av evalueringar som ligg føre (emneevalueringar, evaluering i studieråd, statistikk/ studiedata). Faglærarmøtet gir anbefalingar om endringar. Referat (til programgruppemøte i juni). |
| Mai/ juni | Studieprogramleiar BA og MA (Fagkoordinator for lektorutdanninga deltar dersom det er formålstenleg) | Faglærermøte for emneansvarlege/ faglærara innen faget | Evaluering i faglærarmøte for fag. Faglærarmøtet gir anbefalingar om endringar i emner. Referat:
|
| Juni | Studieleiar | Programgruppe | Årleg evaluering av lektorutdanninga med utgangspunkt i oppsummering av evalueringar som ligg føre (faglærarmøte på fagnivå, evaluering i studieråd, statistikk/ studiedata). Faglærarmøtet gir oppfordringar om programplanendringar som (som trer i kraft ikkje komande, men neste studieår). Referat (som grunnlag for studierapporten). |