Adresse: Vassmyrveien 10, 4515 Mandal
Nettside: https://www.vassmyra.no/
Om skolen
Vassmyra ungdomsskole har fire parallellar på alle trinn. Til saman er det 254 elevar på skolen, som ligg i naturskjøne omgivnader på Ime i Mandal.
Skolen blei bygd i 1975 som ein såkalla "open skole". Etter mange år med dårleg inneklima, starta ei utbygging og renovering av skolen våren 2004. Hausten 2005 stod skolen klar igjen, og elevar, lærarar og administrasjon fekk ein nesten heilt ny skole. Grunna endra behov blei det frå hausten 2016 sett i gang arbeid for å planlegge "Nye Vassmyra" med m.a. nye kroppsøvingsareal og fleire klasserom. Vassmyrahallen med fire nye klasserom stod klar til bruk hausten 2020. I tillegg blei underetasjen i det opphavlege bygget renovert.
Hausten 2022 stod eit nytt frifot-anlegg klart. Det er eit nærmiljøanlegg med løpebanar, anlegg for ulike friidrettsøvingar, kunstgrasbane og basketkorger. I kombinasjon med eit Parkour-område har Vassmyra fått eit uteområde som mange skolar i Noreg nok skulle ønske dei også hadde.
Vassmyra som lærarutdanningsskole
Omtrent 30 studentar frå 4 GLU 5–10 gjennomfører praksisen i 7. og 8.semester på Vassmyra skole.